Hopp til innhold

Kryssa den magiske grensa med målkalas

FOSSHAUGANE (NRK): For eliteserielaga er 30 poeng på tabellen ei magisk grense å passere. Eirik Bakke trur likevel ikkje dei er sikra eliteseriespel neste år.

Ole Amund Sveen scora 2-0 målet for Sogndal.

MÅL: Ole Amund Sveen sette det andre målet for Sogndal under kampen mot Sarpsborg.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Etter fem kampar utan siger var det endeleg Sogndalspelarane sin tur til å strekkje armane i vêret og gå nøgde av bana.

– Det seier seg sjølv at dette var ein viktig siger. Etter 2–0 målet verka det som alle spelarane letta fem kilo, seier ein godt nøgd trenar, Eirik Bakke.

Han får støtte av målscorar Ole Amund Sveen.

– Det betydde utruleg mykje. No kan vi senke skuldrene litt, seier han.

Det var Sogndal som opna kampen best, og kontrollerte spelet i starten. Martin Ramsland sette inn første scoringa mot Sarpsborg etter 15 minutt. Med dagens siger er den magiske 30 poenggrensa passert, men Bakke er likevel ikkje trygg på at det held til fornya kontrakt i eliteserien.

Sogndal slo Sarpsborg08 3-0

- KVar spelar letta fem kilo etter 2-0 målet, seier trenar Eirik Bakke om dagens kamp.

– Vi må vinne fleire kampar for å overlever. Vi treng tre-fire poeng til. Vi er gode på å nullstille oss, og då blir det fleire poeng, seier han og innrømmer at han har merka presset for å ta ein ny siger.

Gilbert Koomson er beste pasningsgjevar i eliterserien til no.

LAGSPELAR: Med sine ni målgjevande pasningar tronar Gilbert Koomson på toppen av eliterseiestatistikken.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix

Ligaens beste pasningsgjevar

Gilbert Koomson punkterte kampen med si 3–0 scoring, og han sørga også for å gje ballen vidare til Sveen som sette inn 2–0 målet. Med den pasninga sikra han seg også tittelen som den med flest målgjevande pasningar.

– Han er ekstremt dyktig. Eg trur ikkje det er mange som er raskare enn han. Det var den fjerde assisten hans til meg i år, så eg må takke han, flirer Sveen når han snakkar om lagkameraten.

Hovudpersonen sjølv er letta over at dagens kamp enda med siger.

– Vi gav alt for denne kampen. Eg er veldig glad no, seier han og forklarar at han syns det er viktig å hjelpe lagkameratane når han sjølv ikkje scorar.

I dag fekk han likevel æra av å punktere kampen med 3–0 målet. For Bakke er han ein viktig spelar.

– Han er ein fantastisk speler, eg blir ikkje heilt klok på han. Farten er enorm. Og han har stor sjanse til å bli ein stor fotballspelar, men han er ikkje klar til å reise endå, om du lurer på det, seier Bakke overbevisande.

Martin Ramsland og Eirik Bakke er letta over sigeren.

SIGER: Etter fem kampar utan siger, losna det endeleg for Sogndal søndag. Martin Ramsland scora heimelaget sitt første mål.

Foto: Blom, Christian / NTB scanpix