NRK Meny
Normal

Klagar gruvesak til ESA

Regjeringa si handsaming av gruvesaka i Naustdal er klaga inn til det europeiske overvakingsorganet ESA.

Stein Malkenes

SPENT: Miljøforkjempar Stein Malkenes har sendt klage til ESA for fyrste gong. Han er spent på utfallet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Styreleiar Stein Malkenes i miljøgruppa SalmonCamera klagar den norske regjeringa si handsaminga av gruveplanane i Naustdal inn til ESA.

Norge innførte vassdirektivet til EU for nokre år sidan. Dette skal vere EU sitt strengaste miljødirektiv. Men norske styresmakter har ikkje brukt direktivet i handsaminga av denne saka fram til no, meiner Malkenes.

– Vi håpar sjølvsagt at ESA vil kunne vise at her er ting som ein må gjere på ein heilt annan og mykje betre måte, basert på EU-lovene.

Behandlar i Brussel

Andreas Kjeldsberg Pihl

TIL HANDSAMING: Informasjonssjef Andreas Kjeldsberg Pihl i ESA stadfestar at dei har tek imot klaga om gruveplanane.

Foto: Cécile Quénum / ESA

ESA passar på at EØS-landa følgjer EU sine ulike regelverk. Dei har cirka 500 saker i året. 50 til 100 av dei kjem frå klager både privatpersonar, bedrifter og organisasjonar. Informasjonssjef Andreas Kjeldsberg Pihl i ESA stadfestar at dei har teke imot klaga.

– Kva som skjer vidare, er avhengig av om vi finn grunnlag i klaga som gjer at vi må gå grundigare inn i saka.

– Kva er moglege utfall av ei klage?

– Det kan vere alt frå at vi ikkje finn grunnlag til å inn i saka i heile tatt, eller at vi gjer undersøkingar og går dialog med norske styresmakter og dermed får avklart eventuelle problem. Berre i eit fåtal saker ender vi opp i EFTA-domstolen. Det er siste instans viss ei sak ikkje løyser seg på andre måtar.

– Kor lang tid kan ein rekne å bruke på ei sak?

– Det er heilt umogleg å gje eit generelt svar på det. Det varierer frå sak til sak.

Følgjer reglane

NRK har vore i kontakt med både kommunaldepartementet (som skal avgjere gruvesaka) og miljødepartementet (som har ansvar for å svare på ESA sine miljøkrav). Ingen vil la seg intervjue. Men informasjonssjef Jon Berg i miljødepartementet skriv:

– Klima- og miljødepartementet viser til at relevant regelverk, medrekna EUs vassdirektiv, blir vurdert i behandlinga av saka. Utover dette kan departementet ikkje kommentere saka, sidan den er til behandling i Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Klima- og miljødepartementet.

Bak denne klaga står miljøgruppa SalmonCamera, med styreleiar Stein Malkenes i spissen. Han er tidlegare leiar i Naturvernforbundet. Gruppa har om lag 30 medlemmar med fagkompetanse på laks og aure, og jobbar for best mogleg vilkår for desse fiskeartane.

Trenering?

– Vi har vore i dialog med ESA sidan august i fjor. Dei har fått vore formuleringar, problemstillingar og dokumentasjon. Og dei seier at dette mest sannsynleg er ei sak som dei bør sjå nærmare på, seier Malkenes.

– Er dette eit forsøk frå miljørørsla på trenering av saka?

– Ja, det ligg i sakas natur at vi prøver å bruke dei kanalar som finst, for å få eit resultat som er meir i pakt med korleis vi skal ha det i landet og i Førdefjorden i all framtid.

– Dei er jo ein slags europeisk riksrevisjon som skal sjå til at ting skjer korrekt. Og det er den demokratiske retten vi nyttar oss av. Vi håpar at alt som har skjedd i denne saka kan kome opp på bordet og bli uhilda vurdert på eit EU-nivå, seier Malkenes.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.