Hopp til innhold

«Namnet mitt skal stå i historiebøkene som ein av dei store afrikanske spissane»

I Ghana vert han kjent att på gata, men i Sogndal lever han eit meir anonymt tilvære. Mahatma Otoo har store ambisjonar om ei framtid i europeisk fotball.

Mahatma Otoo

AMBISIØS: Otoo drøymer om å spele på ein europeisk toppklubb.

Foto: Stig Indrebø / NRK

– Eg vil spele for eit av dei beste laga i Europa. Då eg vaks opp var eg Arsenal-supporter, og eg er framleis det, så eg vil gjerne spele for eit lag som Arsenal. Ikkje berre spele fotball, men skape eit namn.

Han held fram:

– Eg vil ikkje berre forsvinne i det stille som andre afrikanske spelarar. Eg vil at namnet mitt skal stå i historiebøkene som ein av dei store afrikanske spissane.

(Artikkelen held fram under)

I Ghana vert han kjent att på gata, men i Sogndal lever han eit meir anonymt tilvære. Mahatma Otoo har store ambisjonar om ei framtid i europeisk fotball.

Flytta til Sogndal for å oppfylle draum

Heimbyen Accra kviler langs Atlanterhavet, vest i Afrika, men i haust har han budd i ei bygd som kviler langs den norske Sognefjorden. Her flytta han for å komme litt nærmare draumen om å spele fotball i Premier League.

Mahatma Otoo starta karrieren som profesjonell fotballspelar som 16-åring. Han har gjort det godt i heimlandet.

I 2012 blei han kåra til årets spelar i Ghana Premier League av Sports Writers Association of Ghana. I 2012–2013 blei han toppscorar i den same ligaen, og i sesongens siste kamp scora han hat-trick for sitt gamle lag Hearts of Oak's, og blei boren på gullstol av bana.

– Eg berre scora, scora, scora. Og det er det eg likar best. Det var ei vanvitig kjensle, seier Otoo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mahatma Osamanu Otoo

MAHATMA OSAMAUN OTOO: Har endeleg byrja få speletid i Sogndal.

Foto: Alf Vidar Snæland

Mange tek kontakt på gata i Ghana

Men i Sogndal er han litt meir anonym.

– I Ghana kjenner folk meg, og dei likar å snakke med meg. Der går eg ikkje rundt i gatene som her. I Sogndal kan eg gå fritt. Alt er annleis her.

Otoo vil etter kvart vidare for å spele på eit stort europeisk lag. Han legg ikkje skjul på at Sogndal er eit springbrett for den vidare karrieren.

– Viss du skal utvikle deg som spelar, trur eg ein må gjere det i Europa. Det er difor eg er her: for å bli raskare og utvikle teknikken min. Når eg får synt kva eg kan i Sogndal, vil etter kvart laga som ville ha meg på prøvespel, komme og tilby noko meir enn det.

Gløymer ikkje kvar han kjem frå

Det er ein takknemleg Sogndal-spelar som pakkar kofferten for å reise heim til Ghana på ferie.

– Det er mykje gode talent i Afrika. Men ikkje alle får moglegheita til å komme seg til Europa. Viss du får sjansen til å komme deg vidare, takkar du Gud, for han har gitt deg talentet ditt og moglegheita til å komme vidare.

Otoo plukkar opp eit plagg frå kofferten.

– Her har eg ei fotballtrøye til bror min, seier han og løftar opp ei lita skjorte med namnet Mahatma Otoo på ryggen.

Han held fram:

– Den er ganske liten. Han er ca. 8 år. Eg trur han blir glad for å få skjorta til storebror sin. Kanskje blir han òg fotballspelar ein dag, seier Otto og smiler.

Måtte sjå medspelar forlate klubben

Otoo har pakka kofferten halvfull. Den er ikkje fylt med eigne ting, men med presangar.

– Slik er det i Afrika. Du skal ikkje gløyme kvar du kjem frå. Vennene mine heime har endå ikkje vore så heldige å komme dit eg er i dag. Det kan framleis skje for dei, men når ein kjem seg hit må ein passe på å ikkje gløyme dei heime. Difor kjøper eg fotballsko, fotballar og skjorter og tek med heim.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mahatma Otoo

GLØYMER IKKJE DEI HEIME: Otoo er takksam for moglegheita han har fått.

Foto: Stig Indrebø / NRK

Medan 21-åringen sine jamaldrande kring i verda reiser rundt på interrail eller badeferiar, har han flytta til eit anna kontinent for å jobbe, og for å prestere. Det kan vere tøft.

Mahatma Otoo har delt leilegheit med ein anna Sogndalspelar frå Ghana, Gilbert Koomson. Men for nokre veker sidan blei det klart at Koomson ikkje kom til å få kontrakten sin hjå Sogndal fornya. Det er spesielt å sjå ein medspelar på same alder ryke.

– Han er også frå Ghana. Når du flyttar frå Afrika til Europa veit du at du flyttar inn i eit nytt liv. Du må vere profesjonell, og ikkje la desse tinga gå inn på deg. Viss ikkje kan du ikkje gjere ditt beste.

Vraka tilbod frå toppklubbar

Mahatma Otoo fekk tilbod frå fleire store europeiske klubbar, blant anna Sunderland i England og Club Brugge i Belgia. Fleire har spurt seg sjølv om kvifor han valde Sogndal, mellom anna ghanesiske fotballkommentatorar og deler av familien til Otoo.

– Familien støttar meg. Ein del i familien min meinte eg burde reise til eit større lag, men eg trur dei vil sjå at eg har tatt det rette valet om eit par år, seier Otoo.

Han lytta på råda frå meir erfarne ghanesiske spelarar og reiste til ein klubb som ville gje han speletid han trong. Han legg ikkje skjul på at Sogndal er eit springbrett for han til andre, større klubbar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Otoo på plass

STOR TILTRU: Då 21-åringen blei henta til Sogndal var dette med stor tiltru frå Eirik Bakke og Håvard Flo.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Har fått lite speletid i Sogndal

Otoo kom til Sogndal med håp om å få den speletida han trong for å verte ein betre spelar, men slik gjekk det ikkje. I haust har 21-åringen sete mykje på benken. Men Otoo vil ikkje innrømme at han har vorte skuffa av den manglande speletida.

– Eg forstod det. Då Sogndal byrja falle på tabellen, endra trenaren strategi og la om til ein meir defensiv spelestil med berre ein spiss. Eg var ikkje skuffa, for eg forstod situasjonen og kva som skjedde. Eg visste det var grunnen.

Otoo er udiskutabelt optimistisk med tanke på framtida som fotballspelar.

– Ting er i ferd med å snu, og eg veit eg kjem til å få meir speletid. Eg er veldig glad for å vere her, og eg veit eg skal gjere det beste ut av det.

Vil tilbake og hjelpe til i heimlandet

No ser han fram til VM, der han håpar på å verte ein del av den ghanesiske landslagstroppen.

– Eg veit eg skal vere i Brasil. Eg kan nesten ikkje vente. Viss alt går bra, veit eg at eg skal dit, seier han avgjort med håp i stemma.

No er draumen VM i 2014, og å få spele på ein europeisk toppklubb. Men etter kvart vil han heim til Ghana.

– Etter at fotballkarrieren er over vil eg nok vere mest i Afrika. Afrika er i utvikling, og dersom ein ikkje kjem heim for å vere med å utvikle landet, kven skal utvikle det for deg? Så eg kjem til å reise tilbake og hjelpe neste generasjon som skal opp og fram, seier Otoo.