Sogndal sjokkerte Sandnes Ulf

Sogndal har levert den beste fyrsteomgangen på mange månader og leier fortent 2–1 over Sandnes Ulf.

Scoring Ruben Holsæter mot Sandnes Ulf

KJAPT: Ruben Holsæter i ellevill jubel etter at Sogndal tok leiinga etter 2 minutt.

Foto: Alf Vidar Snæland

Heimepublikumet på Fosshaugane fekk i kveld sjå den livlegaste kampopninga på mange månader.

Sogndalstrenar Jonas Olsson hadde lagt om formasjonen frå 5-3-2 til 4-4-2 med Mahatma Otoo på topp frå start.

Den ghanesiske landslagsspissen har, etter at han kom til Sogndal, slite med å få tillit frå Olsson. Når han omsider fekk det, markerte han seg frå start.

Fosshaugane i fyr

Etter halvtanna minutt drog Otoos spissmakker Ulrik Flo seg fri på høgrekanten og la ballen ut i feltet.

Der var Otoo på plass; han tverrvendte og skaut i ein bevegelse. Sandnes Ulf-keeper Aslak Falch fekk ei hand på ballen, men makta ikkje å avverja 1–0 til heimelaget.

Sandnes Ulf verka sjokkerte etter den tidlege skåringa. Sogndal hadde full kontroll, og fyrst etter ni minutt kom rogalendingane til avslutting.

Flo i storslag

Om Azar Karadas og Gustav Valsvik kontrollerte luftrommet i midtforsvaret, var Ulrik Flo like ruvande framme på bana. Etter 14 minuttar beit Sogndal seg fast utanfor Sandnes Ulf sin sekstenmeter.

Ulrik Flo fekk etter kvart ballen, vende vekk oppassaren sin og skaut med venstrefoten i stolpen.

Flo gav seg ikkje med det: To minuttar etterpå får han lirka med seg ballen inn i boksen til Sandnes-Ulf og sender av garde eit skot som Falch berre så vidt få ein fot på.

Frå sogndalsupporterane kunne det høyrast taktfaste rop: «Flo-Flo-Flo»!

Mane spesial

Ein annan som viste gamal klasse var Sogndals toppskårar Malick Mane.

Etter 18 minutt drog han seg fri på høgrekanten og sendte av garde ei blanding av innlegg og skot, som ein pressa Falch måtte boksa til hjørnespark.

Sju minutt seinare, var Mane igjen i hovudrolla. Dommaren bles frispark til Sogndal 25 meter frå Sandnes Ulf-målet. Mane skyt ballen via muren og til venstre frå Falch: 2–0 til Sogndal.

Sandnes Ulf-redusering

Etter 35 minutt får sogndalkaptein Rune Bolseth ballen på fire meter.

Keeper er på bærtur, men på ope mål set Bolseth ballen utanfor. Årets bom frå Bolseth?

Sogndal såg ut til å halda grepet på kampen ut omgangen. Men like før dommaren skulle blåsa av til pause, fekk ein umarkert Vegard Aanestad stanga inn 2-1-reduseringa for Sandnes-Ulf.