Hopp til innhold

Kjempar for plassen – med metall i handa

SOGNDAL (NRK): Mathias Dyngeland har kjempa seg tilbake etter brotet i handa. No er han klar for ein ny kamp: Kampen med tre andre keeperar om plassen på Sogndal.

Mathias Dyngeland kastar seg på trening

KLAR FOR INNSATS: Mathias Dyngeland er tilbake for fullt, og håpar på speletid mellom stengene for Sogndal i haust. I fjor fekk han godt med speletid i eliteserien og fem kampar på U21-landslaget.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg har trent godt i sommar. Det viser seg på testane. Det er godt å vere heilt tilbake. No manglar eg berre kamptrening, seier Mathias Dyngeland.

Han er for alvor tilbake – klar for å kjempe om plassen på opprykksjagande Sogndal.

Måtte under kniven tidleg i sesongen

Sesongen har ikkje gått heilt slik 19-åringen hadde planar om. For etter å ha spelt nesten 20 kampar i eliteserien og fått fem kampar for det norske U21-landslaget i fjor, står han i år med null kampar halvveges i sesongen.

Mykje av forklaringa ligg i at han allereie i april fekk eit brot i ein finger.

– Det viste seg at det også var ei feilstilling, og eg måtte på operasjonsbodet for å få orden på det. Og som keeper er eg jo avhengig av handa – så det var ein litt kjedeleg vårsesong. Men no er eg frisk og rask, seier Dyngeland.

Arret i handa til Mathias Dyngeland

METALL: – Eg har ikkje prøvd om eg kjem meg gjennom flyplasskontrollane med dette, ler Mathias Dyngeland. I venstrehanda har han no fått operert inn ei metallplate og nokre skruar.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kjempar med tre andre keeperar om speletid

På trening i Sognahallen viser han NRK arret som er lett synleg på den venstre handa. Keepertalentet har ei metallplate og nokre skruar operert inn i handa – og fungerer no heilt fint.

Han spelte nyleg 90 minutt i ein kamp for Sogndal 2, og er klar for å kjempe om plassen mellom stengene på førstelaget. Men det er lettare sagt enn gjort. Stefan Hagerup har stått godt i mål medan Dyngeland var ute , og Christian Sukke er også ute etter speletid. I bakhand har Sogndal også 16-åringen Kristian Rutlin.

– Vi er veldig mange unge og gode keeperar. Og slik Sogndal og Stefan har spelt i vår, så blir det veldig vanskeleg. Men eg gjer jobben min dag inn og dag ut, og håpar at det skal løner seg.

– Du vil ha keeperplassen?

– Sjølvsagt. Eg er ikkje her for å leike fotball. Eg har lyst til å utvikle meg og bli ein veldig god keeper. Og skal eg tilbake på landslaget, så byrjar det med å spele her, seier Dyngeland.

Mathias Dyngeland og Stefan Hagerup på trening

KONKURRENTAR: Mathias Dyngeland og Stefan Hagerup på trening i Sognahallen. Begge vil gjerne vakta buret for serieleiaren.

Foto: Rune Fossum / NRK

Kan bli aktuelt med utlån i haust

For Sogndal er situasjonen med fire keeperar ikkje ideell, men samstundes positiv med tanke på at målvaktene må konkurrere om plassen. Situasjonen er snudd opp ned på berre nokre månader, då klubben i vår stod nesten utan operative sisteskansar.

– Mest sannsynleg må ein av dei ut på lån. Elles får dei vere her og ta opp kampen med kvarandre, for det er sunt at dei pressar kvarandre. Men vi må sjå på situasjonen, og kva vi skal gjere framover. Det er uansett betre å ha for mange enn for få keeperar, seier trenar Eirik Bakke og viser til at Sukke også snart er tilbake etter sjukdom.

Han er glad Dyngeland er klar for kamp om plassen på laget.

– Mathias har ei fantastisk innstilling, og han må berre halde fram med å trene og stå på. Det er ein god situasjon at han er tilbake for fullt. Men Stefan har ikkje spelt seg ut – han har stått veldig bra – og keeperplassen er ikkje ein plass du vil byte så mykje på, seier Bakke.

Sjølv er Dyngeland interessert i å få seg eit innhopp så snart som råd.

– Eg har lyst til å spele allereie mot Ranheim på måndag. Men det kan sjå tøft ut, seier han.

Mathias Dyngeland reddar på trening

MOTIVERT: Mathias Dyngeland vil gjerne ha speletid så snart som råd, men må truleg smørje seg med tolmod så lenge Stefan Hagerup spelar godt.

Foto: Rune Fossum / NRK