Hopp til innhold

- Ingen får bølle med oss heime

Han var skikkeleg nervøs før eliteseriedebuten førre helg. Før kampen mot Sarpsborg 08 er Mathias Dyngeland ein roleg 18-åring.

Keeper Mathias Dyngeland

ROLEG: Den unge keeperen til Sogndal er klar for å gjere ein solid innsats når han har fått fornya tillit av trenar Jonas Olsson til å vakte buret mot Sarpsborg.

Mathias Dyngeland fekk eliteseriedebuten i seriepremieren mot Stabæk førre helg. Sjølv om Sogndal tapte 3-0, har den 18 år gamle keeperen fått fornya tillit i kampen mot Sarpsborg 08 i kveld.

– Det var det eg håpa på. Å sleppa inn tre mål i debuten i eliteserien var ikkje gøy, men eg tykkjer eg har prestert bra på treningane den siste veka. Eg veit at det har vore jamt mellom Erik (Dahlin) og meg, så at eg for fornya tillit, er berre veldig kjekt. No skal eg berre ut på bana og visa at trenaren kan stola på meg, seier Dyngeland, på veg inn i garderoben før den fyrste heimekampen på Fosshaugane Campus i 2014-sesongen.

Nervøs før Stabæk-kampen

Det unge keepertalentet blei skikkeleg nervøs då han førre søndag fekk vita at han skulle stå i mål i kampen mot Stabæk. Denne søndagen har vore mykje rolegare, forsikrar Dyngeland.

– Eg har lært mykje frå debuten. No berre gler eg meg til kampen mot Sarpsborg byrjar.

Otoo og Skaasheim inn

Sogndaltrenar Jonas Olsson har gjort to endringar i startoppstillinga sidan nedturen på Nadderud stadion. Eirik Skaasheim erstattar ein skadd Hannu Patronen, og Mahatma Otoo skubbar ut spissrival Tim Andre Nilsen.

– Tim er fersk, og me har stor tru på at han blir ein viktig bidragsytar i år. Samstundes har Mahatma vist – spesielt på heimekampane i fjor haust – at han kan setja i gang eit intenst press, noko som mangla mot Stabæk, og i tillegg gjera smarte bevegelsar i tospann med Ulrik Flo, seier assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes.

Sjå heile intervjuet med assistenttrenar, Tom Mangersnes.
(Artikkelen held fram under videoen)

Assistenttrenar Tom Mangersnes

SIGER: Assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes, håpar på siger til Sogndal i deira første heimekamp denne sesongen.

– Flo og Otoo var eit radarpar i nokre kampar i fjor haust. Kva er forhåpningane til dei to mot Sarpsborg?

– Me håpar at dei skal koma til sjansar, vera med å setja standarden i forsvarsspelet, få så mange gjenvinningar som mogleg og skapa det trykket som må til. Då blir det siger, seier Mangersnes.

Sogndal går ut i ein 3-5-2 formasjon med dette laget:
Mathias Dyngeland-Taijo Teniste, Azar Karadas, Gustav Valsvik–Eirik Skaasheim, Ruben Holsæter, Helge Haugen, Petter Strand, Logi Valgardsson–Ulrik Flo, Mahatma Otoo.