Hopp til innhold

Kasta narko ut av bilen med politiet på hjul

Midt i politijakta byrja den unge mannen å kaste narkotika ut av vindauga på bilen. Turen enda med krasj i ei gravemaskin og førebels fire veker i varetekt.

Stakk av frå Up, krasja med gravemaskin på Skei.

KRASJA: Mannen nekta å stogge for politipatruljen, men ferda enda til slutt i ei gravemaskin ved Skei i Jølster.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen i 20-åra fekk sin 10. dom for under eitt år sidan og vart i november framstilt for varetektsfengsling for nye narkotikalovbrot. Førre helg vart han ferska igjen.

Det var med andre ord ein såkalla «kjenning» av politiet som med ordensmakta på hjul krasja med ei gravemaskin ved Skei i Jølster .

– Politiet la merke til at det var ulike registreringsskilt framme og bak på bilen. Slikt påkallar politiet si merksemd og gjorde at patruljen ville kontrollere bilen, fortel regionlensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

Kasta narkotika ut vindauge

Men mannen ville altså ikkje stogge frivillig. Etterforskingsarbeidet avslørte kvifor. Mannen er no fengsla, sikta for å ha køyrt bil i rusa tilstand og for å ha hatt narkotika med seg i bilen.

Dag Fiske ved skrivebordet

ETTERFORSKAR: Regionlensmann Dag Fiske seier at politiet mistenkjer at mannen skulle selje narkotika til fleire personar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Etter krasjen fann ein narkotikahund kring 100 gram hasj som mannen truleg kvitta seg med under flukta frå politiet.

– Patruljen observerte at det vi meiner er narkotika, vart kasta ut av vindauget. Det vart gjort søk og funn på eit avgrensa område, men vi ser ikkje vekk ifrå at vi ikkje har funne alt, seier Fiske.

Stogga narkohandel

Mannen har erkjent kjennskap til narkotikaen, men politiet meiner saka er større og meir alvorleg enn 100 gram.

Dei meiner at mannen, som har lokal tilknyting, allereie same kveld skulle selje narkotika til fleire personar i Sunnfjord.

– Vi er midt i etterforskinga, men har opplysningar som tilseier at han har selt i større omfang enn det han har tilstått. Vi mistenkjer fleire mottakarar, seier Fiske.

Fekk sin 10. dom

Stakk av frå UP, krasja i gravemaskin.

LEGESJEKK: Mannen i 20-åra var til legesjekk etter krasjen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Vi må gå igjennom ein del tekniske spor, som databeslag, som vart gjort under pågripinga. Vi må også følgje opp eventuelle mottakarar, legg Fiske til.

Mannen vart i juli i fjor dømd til 11 månader fengsel for 26 lovbrot, mellom anna tjuveri og narkotikalovbrot. Dette var hans 10. dom.

Då vart fem månader utsett med prøvetid på to år dersom han gjennomførte eit narkotikaprogram.

No må han sone

Allereie i november vart han på nytt pågripen for oppbevaring og sal av hasj. Mannen hevda han selde narkotika på vegner av ein mann han skulda pengar. Retten meinte då at varetektsfengsling ville vere uheldig for rehabiliteringa og sleppte han fri mot meldeplikt i fire veker.

Med mannen sin kriminelle historikk som bakteppe fekk politiet medhald då dei i førre veke bad om fire veker varetekt for mannen.

No kan mannen både vente seg ei lenger fengselsstraff.