Hopp til innhold

Stakk av frå politiet utan førarkort – fengsla etter gravemaskin-krasj

Mannen i 20-åra er sikta for blant anna køyring i rusa tilstand utan gyldig førarkort og for oppbevaring av narkotika.

Stakk av frå Up, krasja med gravemaskin på Skei.

STOPP: Føraren av denne bilen prøvde å køyre frå politiet, men turen tok raskt slutt då bilen krasja i ei gravemaskin.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Han er varetektsfengsla i fire veker, og i den perioden held etterforskinga fram, seier politiadvokat i Vest politidistrikt, Cathrine Elisabeth Schjelderup.

Det var søndag at ein bilførar stakk av frå ein kontroll på E39 ved Skei i Jølster, og med politiet like bak seg, køyrde han av vegen og inn i ei gravemaskin.

I etterkant av kollisjonen vart det tatt blodprøve av føraren for å få stadfesta mistanken om køyring i rusa tilstand. Siktinga gjeld også oppbevaring av narkotika. Narkotikaen skal ha blitt funnen i etterkant av kollisjonen med gravemaskina, men ikkje i bilen til den sikta føraren.