Hopp til innhold

Krasja i gravemaskin på E39

Då politiet forsøkte å stoppe bilen i kontroll, stakk føraren av.

Stakk av frå Up, krasja med gravemaskin på Skei.

AV VEGEN: Ein mann forsøkte å stikke av frå politipatruljen på E39. Etter nokre hundre meter, køyrde han av vegen og inn i ei gravemaskin.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Politiet fekk melding om ulukka på E39 klokka 19.09 søndag kveld.

– UP hadde kontroll ved Skei i Jølster, og forsøkte å stoppe ein bil i retning Førde. Bilen stoppa ikkje, og patruljen sette på sirener og blålys, seier operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt, Bengt Næss.

I grøfta

Stakk av frå UP, krasja i gravemaskin.

KRASJA: Bilen køyrde av vegen og krasja like ved Haugen Camping.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Men føraren av bilen kom seg ikkje langt. Etter eit par hundre meter, med politiet like bak seg, køyrde han av vegen og inn i ei gravemaskin.

Ifølgje politiet er føraren av bilen lettare skadd, og teken med til Førde sjukehus for sjekk.

Årsaka til ulukke er ikkje kjent, men det blir gjort rutinemessig undersøking av føraren.

Spesialeininga varsla

– Kva konsekvensar det får at føraren stakk av, vil tida vise. Først blir det gjort ei medisinsk vurdering av mannen, seier Næss i politiet.

Spesialeinga for politisaker er rutinemessig varsla om saka.