Hopp til innhold

Mann frå Sunnfjord dømd for 26 lovbrot

Ein sunnfjording i 20-åra er i Fjordane tingrett dømd til fengsel i 11 månader for i alt 26 lovbrot.

Fjordane tingrett

DØMD FOR 26 LOVBROT: Fjordane Tingrett har dømd ein sunnfjording for 26 lovbrot. Desse skal ha skjedd frå hausten 2015 og til januar i år.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

20-åringen har gjort seg skuldig i dei fleste lovbrota i Førde og Bergen frå hausten 2015 til januar i år.

Fjordane tingrett fann mannen skuldig i fleire innbrot og tjuveri. Innbrota var mot både bilar og hus i Bergen og Førde, og han tok med seg alt frå ein iPhone til ein halvliter Cola.

I tillegg er han dømd for både kjøp, sal og bruk av narkotika. 20-åringen vart også frifunnen for fleire andre lovbrot.

Fem månader av fengselsstraffa blir utsett med to år dersom han gjennomfører eit narkotikaprogram. 166 dagar blir trekt frå straffa som følge av at den dømde har heldt til så mange dagar i varetekt.

Det er mange fornærma i sakene, og 20-åringen må i alt betale 3600 kroner i erstatning til dei råka i saka. Han blei frifunnen for eit erstatningskrav på 3000 kroner og eit på 5000 kroner.

Han er ikkje idømt sakskostnader.