Hopp til innhold

Kari (70) brukar éin time på å hente posten

– Det har skjedd fleire gonger at eg ikkje har henta medisinane mine. Det blir for langt å reise.

Kari Aamodt

– SLITSAMT: Etter at Posten Norge la ned postruta til øya 70 år gamle Kari Aamodt bur på, brukar ho om lag éin time på den nye postvegen. – Det er klart det er slitsamt. Eg byrjar å bli ei gamal dame, sjølv om eg ikkje likar å vedgå det.

Foto: Adalheidur Oldeide

Kari Aamodt bur på Bjorøyna i Gulen. På den vesle øya, står det eitt hus. Der bur 70-åringen åleine.

kari aamodt

ØDE ØY: 70-åringen bur åleine på Bjorøyna i Gulen.

Foto: Arne Stubhaug

– Det er dette som er det gode liv. Eg kan ved kjøkkenbordet og sjå oteren gå forbi. Om kvelden er det heilt stille. Eg er glad i stillheita.

Å bu på ei øde øy har vore ein livslang draum. Men då Posten Norge la ned postruta til øya i fjor haust, var det eit skår i gleda.

– For langt

Aamodt har budd på øya sidan 2005. Fram til november i 2016, fekk ho levert posten til øya tre gonger i veka. Så var det slutt. Ho, og 19 andre på øyene rundt Bjorøyna, fekk ikkje lenger levert posten sin med båt.

– Først fekk eg beskjed om at eg måtte hente den i Eivindvik. Men det gjekk eg ikkje med på. Til slutt fekk eg postkasse i Skjerjehamn, men det er langt dit òg.

grafikk

POSTRUTA: Då Posten Norge la ned postruta til Bjorøyna, fekk Aamodt først beskjed om at ho måtte hente posten i Eivindvik. Seinare fekk ho flytta postkassa si til kommunesenteret i Eivindvik.

Foto: NRK

Må bruke båt

For å kome seg til Skjerjehamn, brukar ho ein robåt ho har fått sett på ein påhengsmotor.

– Det er klart det er slitsamt. Eg byrjar å bli ei gamal dame, sjølv om eg ikkje likar å vedgå det.

No har ho bede om få vidaresendt posten sin til sonen som bur i Bergen. Men det er berre ei mellombels løysing.

– Eg må finne ei løysing på dette her. Eg har sagt opp alt av aviser og slikt, men det er jo enkelte ting eg gjerne skulle hatt. Før jul måtte eg be barnebarna om å ikkje sende meg julekort.

Brevmengda halvert

På 17 år har det blitt 1800 færre postruter i Norge. Rutene som er att, er blitt større, og kravet til kor postkassene skal stå, er blitt strengare.

Men Egil Thane, distriktssjef i Posten Norge, seier at det ikkje er brot på Posten si leveringsplikt, sjølv om Aamodt har lang veg til posten.

– Kundane sin bruk av posten har endra seg veldig. Brevmengda er halvert sidan år 2000. Det gjer at vi må sjå om det er mogleg å redusere noko av kostnadene våre.

Aamodt seier ho forstår at ho ikkje kan vente enkel tilgang til kommunikasjon når ho har valt å bu på ei øde øy.

– Men eg fekk levert posten her tidlegare, då var det litt vanskeleg når den ikkje kom lenger. Kysten er kjempelang, og det er mange i Norge som ønskjer å bu litt utanfor allfarveg.