Hopp til innhold

Posten ville flytta postkassen deira 2,2 kilometer frå huset

Ekteparet Aasgard på Langeneset i Høyanger vart bedne av Posten om å flytta postkassen sin fleire kilometer frå huset.

Fiorella Aasgard

HELDT PÅ POSTKASSEN: Fiorella Aasgard har postkassen sin på tunet, enn så lenge.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Eg fryktar at vi snart må pakke saman og flytte. Vi får ikkje arbeidsro og må heile tida driva ein kamp for å eksistera, seier Fiorella Aasgard.

Saman med ektemannen Svein Aasgard har dei fått beskjed om at postkassen deira må flyttast 2,2 kilometer frå huset huset der dei bur og arbeider. Dei manglar mobildekning og har dårleg internettilgang. Derfor har posten vore ein viktig kommunikasjonskanal.

For først forsvann posten på laurdagar, og no vil heller ikkje Posten levera til utkant-Norge kvar dag.

Postkasse på Langenes, Høyanger

Trua med advokat

Men ekteparet nektar å gå med på å flytta postkassen sin. Dei har fått ein avtale med posten der dei får postlevering på tunet to gonger i veka.

– Det er forferdeleg dårleg. Andre plassar har vi høyrd om folk på over 90 år som får posten sin langt frå husa sine, og dei har ikkje bil ein gong, seier Aasgard.

Norge har ei postlov, som har som mål å sikre like vilkår for folk alle stader i landet. Likevel kan posten og kundane bli einige om andre løysingar, der det er vanskeleg for posten å levere.

Posten på si side seier dei er opptekne av god service, men ...

– Vi skal driva posten med overskot og vi er nøydde til å sjå på kostnadane våre for å hente inn tapte inntekter, seier Egil Thane som er distriktssjef for Posten i Sogn og Fjordane.

Heller ikkje frå statleg hald får dei støtte.

– Vi kan anten pumpe inn pengar i eit system med mindre innhald, eller investera dei i digitale ordningar slik at dei vert tilgjengelege over heile landet, seier statssekretær i samferdselsdepartementet, Reynir Jòhannesson.

For familien Aasgard er det eit problem, dei har særs dårleg internettilgang.

– Men vi blir her, vi vil ikkje flytta, seier Fiorella.

Risikerer dårlegare posttilbod i utkanten
  

Sjå TV-saka frå Vestlandsrevyen.