Hopp til innhold

Så bittert var det å få gult kort for Karadas

(Sogndal-Start 1-1) Målscorar Azar Karadas var bitter over at han fekk gult kort og må stå over neste seriekamp for Sogndal.

Azar Karadas

SÅG GULT: Azar Karadas må stå over neste seriekamp etter at han pådrog seg gult kort i kampen mot Start.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Etter ein strålande første omgang på Fosshaugane, der Azar Karadas sjølv sørga for leiing til Sogndal, vart det verre etter pausen.

Etter 79 minutt oppstår det ein krangel mellom Azar og Gudmundur Kristjansson. Det ender med gult kort til begge, og begge må stå over neste seriekamp for sine respektive lag.

– Ganske bittert

– Det er ganske bittert, eg synes det er veldig billig. Eg føler at han heng etter meg og så blir eg straffa for det, men det er dommaren som bestemmer og det gule kortet kom. Det er ein del av gamet, sa ein irritert Azar Karadas til NRK etter kampen.

– Du må ikkje ta litt av ansvaret for dette sjølv også?

– Nei, ein skal jo prøve å kome seg i ein posisjon og at han heng etter meg er ikkje min feil. Så slik er det.

Det vart ein tung kamp som til slutt enda uavgjort 1-1 for Sogndal søndag. I 1. omgang synte spelarane verkeleg kva dei kan vere gode for, men etter pausen var det ikkje mykje krut att i beina til spelarane.

Azar Karadas om det gule kortet

BITTER: Azar Karadas snakkar om det gule kortet.

Haugesund-sigeren hang i

– Eg trur Haugesund-kampen heng meir att i beina enn det vi sjølv trudde. Det har vore ein lang månad og vi har vore i kjellaren i mange kampar. Vi er skuffa og vi skulle gjerne hatt tre poeng, men det kjem ein viktig cupkamp om få dagar og vi må vere klar for den, sler Azar Karadas fast.

Cupkampen han snakkar om kjem alt komande onsdag heim på Fosshaugane mot 1. divisjonslaget Ull/Kisa.

Deretter er det sommarferie for elitespelarane og alt tyder på at det er noko dei no ser fram til etter å ha kjempa til seg 16 poeng på 12 seriekampar. Noko som plasserer Sogndal på 8. plass.


Feira med kake

Der meiner dagens bursdagsbarn, Gustav Valsvik (20), at Sogndal må klare å halde seg også etter sommarpausen.

– Om vi held fram med å få poeng på heimebane, helst tre poeng, og kanskje nokon på bortebane, så ser det bra ut. Vi må klare å halde fram med denne vinnarviljen og vonaleg få litt meir tid mellom kampane, slik at vi får henta oss inn att, seier Valsvik som kunne røpe at han også lada opp med LITT kake frå mor før kampen mot Start.

– To slitne lag

Sogndal-trenar Jonas Olsson var trass poengdeling heime, nøgd med det han fekk sjå ute på kunstgraset på Fosshaugane.

– Vi hadde kvar vår omgang, men eg tykte at vi nok hadde flest målsjansar. Det vi såg var to slitne lag med spelarar som kjenner seg utkøyrde. Vi hadde ein veldig tung kamp borte mot Haugesund, den hadde vi med oss i beina i dag, meiner Olsson.

Sogndal Start

UTLIKNA: Matthías Vilhjalmsson utlikna for Start til stillinga 1-1 i eliteseriekampen i fotball mellom Sogndal og Start.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Synd med gult

Han var mindre nøgd med situasjonen som enda med gult kort til dagens Sogndal-målscorar Azar Karadas.

– Det var vanskeleg for meg å sjå situasjonen, og kanskje kunne det blitt straffe til oss om Malick Mane hadde lagt ballen inn i feltet. Dessverre enda det med at Azar stå over neste kamp, men slik er det, ikkje mykje vi får gjort med det no, seier Olsson.

Gler seg til ferie

No ser han fram til å bli ferdig med den viktige cupkampen mot Ull/Kisa, slik at både spelarar og støtteapparat får seg nokre velfortente feriedagar.

– Alle gjer så godt dei kan og kjempar. Spelet var ikkje så godt i 2. omgang, men det blir slik innimellom og då er det viktig at ein ikkje gjev opp. Vi har forsvart oss godt i mange kampar og hatt mange hjørnespark mot oss, og når dei scorar på ein corner så er det slik som kan skje.

Jonas Olsson etter uavgjort mot Start

UAVGJORT: Sogndal-trenar Jonas Olsson om 1-1 mot Start.

Mons Ivar Mjelde etter uavgjort mot Sogndal

UAVGJORT II: Start-trenar Mons Ivar Mjelde om uavgjort mot Sogndal.