NRK Meny
Normal

Mjelde: – Skal vise at vi er eit godt lag

Start-trenar Mons Ivar Mjelde vil ha fokus på eige spel mot Sogndal.

Mons Ivar Mjelde

Mons Ivar Mjelde vil ha fokus på eige spel før kampen mot Sogndal på Fosshaugane.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

– Sogndal har gjort det bra heime og vi ventar ein tøff kamp, slik alle kampane i eliteserien er, seier Mjelde til Start TV.

Sørlendingane har kun slått Sogndal ein gong i eliteserien på Fosshaugane. Etter stortapet mot Strømsgodset i førre runde varsla Mjelde at laget skal slå knallhardt tilbake mot sogndølene.

Sogndal-stoppar: – Tøff kamp

– Eg ser føre meg eit hardtarbeidande Sogndal-ldag. Dei er direkte i stilen, eit lag som duellerar og mykje dødballfokus, seier han.

– Vi må tenke på oss sjølve og det skal vi gjere. Vi er eit godt fotballag og det skal vi vise, seier Mjelde.

Mjelde har sjølv spelt sju kampar for Sogndal då han var utleigd frå Brann i 2001. Mjelde scora to mål for klubben.

Gustav Valsvik

Stoppar-talentet Gustav Valsvik trur på ein tøff kamp mot Start.

Foto: Skibstad, Kent / NTB scanpix

Sogndal imponerte stort i førre serierunde då laget slo FK Haugesund på bortebane. Midtstoppar Gustav Valsvik ventar ein tøff kamp mot Start.

– Start har hatt ein dårleg periode med tap heime mot Strømsgodset. Dei er nok revansjesugne. Så det vert nok ein tøff kamp. Vi må stå på, seier han til NRK.

– Ein form for krig

Sogndal har scora over halvparten av måla sine på dødball denne sesongen.

– Andre lag er redde for oss når vi får dødballar, og vi får frispark langt oppe på deira banehalvdel. Dei veit at vi er gode på dødballar, og vi scorar mål, så det gir sjølvsagt laget fordelar mot andre lag, seier Valsvik.

Mons Ivar Mjelde er budd på dødballane til vestlendingane.

– Alle fotballkampar er ein form for krig med duellar i lufta og langs bakken. Den kan vi ikkje stå å sjå på. Vi er nøydde til å vere hardtarbeidande, samstundes som vi torer å spele fotballen vi ynskjer å stå for, seier Start-trenaren til Start TV.

Fotballnyheter