Marginane var på Sogndal si side då dei sikra seg tre nye poeng med bortesiger mot FK Haugesund i går. Laget er heilt klart inne i ein god periode, og ligg no på 8. plass med 15 poeng.
Det er langt betre enn ekspertane hadde trua på før sesongstart. NRK-sporten var blant dei som i vår tippa Sogndal nord og ned. No har pipa fått ein annan låt.
– Eg må seie eg er imponert over det Sogndal gjer. No har dei 15 poeng, godt over eitt poeng i snitt, det er veldig bra, seier Scheie til NRK.no.
Tippa nord og ned
I haust berga Sogndal plassen i eliteserien med eit naudskrik. Etter ein sterk start førre sesong gjekk det nedover, men då dei hadde kniven på strupen berga dei eliteseriekontrakten med 2–0 siger over Brann.
Før årets sesong mista Sogndal ei rekkje sentrale spelarar. Tore Andre Flo og Eirik Bakke har lagt opp. Kenneth Udjus gjekk til Lillestrøm, Stephane Badji til Brann og Henrik Furebotn til Sandnes Ulf.
Dette var også noko av bakgrunnen for at NRK Sport tippa Sogndal på 16. plass.
– Sogndal er meir svekka enn styrka. Det blir vanskeleg å kopiere 2012-sesongen med det mannskapet. No manglar dei dessutan ein mogleg matchvinnar i Kenneth Udjus. Det blir sisteplass, var spådomen frå Arne Scheie & Co i mars.
Også Aftenposten og VG tippa Sogndal nord og ned, Aftenposten med sisteplass og VG på nest siste.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: Tippar Sogndal på botn
(Artikkelen held fram under biletet)
– Kome veldig bra i gang
Men Sogndal har greidd seg utan desse spelarane. Etter 11 kampar har det blitt fire sigrar, tre uavgjort og fire tap. Det har gitt dei 15 poeng og ein 8. plass.
– Det er berre fem poeng opp til medaljeplass, men samtidig berre fem poeng ned til den utsette tredje sisteplassen, seier Scheie og legg til:
– Situasjonen fortel meg at Sogndal no ligg trygt, midt på tabellen Dei har kome veldig bra i gang med årets eliteserie.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Har trua på sognelaget
Bak Sogndal på tabellen ligg lag som både lag Vålerenga og Molde, begge tippa høgt oppe av ekspertane før sesongstart.
Scheie vedgår at han er overraska over prestasjonane til Sogndal.
– Ja, eg må seie eg er overraska over ein del resultat. Det dei presterte i går er veldig bra, seier Scheie.
FK Haugesund vann 5–1 over Molde borte, men då dei tok imot laget frå saftbygda var det gjestane som var best. Malick Mane sette sikkert inn straffa og sikra tre poeng.
– Det er eg veldig imponert over. Moglegheitene for Sogndal til vidare avansement på tabellen er absolutt til stades, seier Scheie.
Også før fjorårssesongen vart Sogndal tippa til nedrykk, men midtvegs gjekk det så bra at mellom anna Jahn Ivar «Mini» Jakobsen tok av seg hatten for dei. Men etter den gode starten gjekk det deretter bratt nedover, og Sogndal berga altså så vidt plassen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under biletet)
Håpar på bra avslutning før fotballfri
Sogndal-trenar Jonas Olsson er også glad om dagen. Han seier laget har vore inne i ein god periode, og er budd på ein tøff heimekamp mot Start neste søndag.
Start gjekk på eit sviande tap, 0–6 mot Strømsgodset i går og kampen på søndag er den siste før vel ein månad fri i eliteserien.
– Vi har vore gode på heimebane, med to strake sigrar. No møter vi Start, og det er ein viktig kamp. Dei har eit stortap bak seg, så det gjeld å samle opp litt krefter og avslutte bra, seier Olsson.
Må kanskje revurdere spådom
Scheie er spent på korleis det kan gå til helga.
– Skulle dei vinne mot Start, så må vi begynne revurdere det vi i sportsredaksjonen tippa før sesongstart. Med siger over Start vil dei vere heilt oppe i ryggen på dei som kjempar om medaljar når det er att 18 serierundar, seier Scheie.
Malick Mane er Sogndal sin toppskårar med fem mål. Også Azar Karadas har blitt trekt fram som ein av dei sterke Sogndal-spelarane. Han har også putta to for kvittrøyene.
Nærare medalje enn nedrykk?
Scheie vil ikkje trekkje fram enkeltpersonar, og meiner heile laget har gjort det godt.
– Dei som spelar for Sogndal har gjort ein god innsats. For meg er fotball eit lag, og Sogndal står no fram først og fremst som eit lag.
– Eg håpar dei held fram på den måten. Då er dei nærare ein medaljeplass enn den posisjonen NRK Sporten hadde dei på før årets sesong, seier den erfarne fotballkommentatoren.