Hopp til innhold

Kan ikkje hugse så tidleg sesong – fleire har ikkje fått plukkarane sine enno

Denne sesongen har bringebæra komme bærplukkarane i forkjøpet.

Bringebærmottaket ved Vik meieri

HEKTISK SESONG: Øydis Kristine Flateby, Bjørg Hønsi Aafedt og Svein Harbakk ved Vik meieri skal ta i mot minst 175 tonn bringebær frå 30 bærprodusentar i Noregs største bringebærkommune, Vik.

Foto: Noralv Pedersen

– Så tidleg sesong trur eg ikkje vi har hatt før, seier Åslaug Ese Stadheim.

Ho er bærbonde og nestleiar i Vangsnes grønt, og leverer denne dagen fleire hundre kilo bringebær til mottaket ved Vik meieri i Sogn. Ho fekk nyleg dei utanlandske plukkarane sine på plass, men det er slett ikkje alle som er så heldige.

– Fleire av bøndene har ikkje fått plukkarane sine. Mange bestiller billettane i god tid på førehand, og dei hadde kanskje ikkje venta at det skulle bli så tidleg, seier Stadheim.

– Kva skjer då?

– Vi må jo hjelpe kvarandre. Så då plukkar bøndene hos kvarandre og hjelper til så godt vi kan for å få alt i hus.

Åslaug Stadheim Ese

TIDLEG SESONG: Bærbøndene i Vik som dyrkar bringebær på friland, kan ikkje hugsa å ha starta sesongen så tidleg som i år, fortel Åslaug Stadheim Ese, nestleiar i styret for Vangsnes Grønt.

Foto: Noralv Pedersen

Er største bringebærkommune i landet

Det er det fine vêret over Sør-Noreg som har skunda fram modninga av bringebær. For etter at våren kom seint, har modninga gått i rekordfart med den solrike og varme sommaren.

– Vi ser at det er god avling med store og flotte bær. Så eg trur det blir ein hektisk og veldig rask sesong. Langt meir hektisk enn til vanleg, seier Stadheim.

Jan Kløve, bærbonde frå Vangsnes, utanfor Vik meieri

TEIKNAR GODT: Bærbonde Jan Kløve frå Vangsnes har nettopp levert ein dagsproduksjon på 450 kilo bringebær ved Vik meieri. Kløve trur på ein god bærsesong i år.

Foto: Noralv Pedersen

Vik i Sogn er den største bringebærkommunen i landet. Denne veka har bærdyrkarane stått i kø for å levere bær både til mottaket på Vangsnes og direkte til Tine-meieriet.

– Det er godt å ha komme i gang, men eg ser og fram til å at vi er ferdige. For det er hektisk og intenst når det står på. Det går hardt føre seg, smiler Jan Kløve.

Leverer 175 tonn bær til meieriet

Tine har forplikta seg til å kjøpe minst 175 tonn bringebær frå bøndene i Vik kvart år. Det er om lag ein sjettedel av alle bringebær som blir produserte i landet, og sikrar leveransar for 30 bærprodusentar i kommunen.

Meieristyrar Øydis Kristine Flateby er glad ein hektisk sesong er i gang. Ho er avhengig av bær som råvarer til både bringebærsaft og bringebærjuice, og er i dialog med bønder som enno ikkje har fått tak i alle bærplukkarane dei treng.

Øydis Kristine Flateby, meieristyrar i Vik

NYE PRODUKT: Meieristyrar Øydis Kristine Flateby ved Vik meieri håpar Tine vil ta merkevara bringebær frå Vik i bruk i nye matprodukt.

Foto: Noralv Pedersen

– Mange hadde venta plukkarane sine først litt seinare, så eg ser at fleire av bøndene har vore ute og plukka sjølv, seier Flateby.

– Dei er flinke til å hjelpe kvarandre?

– Ja, og det er kjempekjekt for oss å høyre. Det er viktig at alt blir plukka, og at ikkje noko dett ned eller ikkje blir brukt, seier meieristyraren.