Hopp til innhold

– Norske ungdommar gir seg etter ein dag

GLOPPEN/FØRDE (NRK): Trass i at Veronica Hauge kan kome i beit for bærplukkarar i sommar, vil ho ikkje leige inn norske ungdommar. Årsak: Dei gir seg etter kort tid og vil i staden dra på ferie.

Veronica Hauge

VIL IKKJE: Veronica Hauge vil ikkje lenger leige inn norske ungdommar til å plukke bær. Dei gir seg ofte etter kort tid og bestemmer seg heller for å dra på ferie, seier ho.

Foto: Bård Siem / NRK

Den sterke og langvarige varmen gjer at jord -og bringebæra på Påldtun gard i Gloppen blir modne tidlegare enn vanleg. Dette gjer at det i periodar kan bli problem å få tak i nok plukkarar. Men bærbonde Veronica Hauge har gitt opp å leige inn norsk ungdom.

– Det er veldig vanskeleg å få tak i norsk ungdom. Når vi finn tak i nokon, jobbar dei gjerne ein dag eller to, før dei finn at plukkinga er så travel og kjedeleg at dei sluttar, seier ho.

Veronica Hauge sjekker bringebærplantane

STORPRODUKSJON: Veronica Hauge sjekker bringebærplantane sine. I Sogn og Fjordane vert om lag 70 prosent av dei norske bringebæra produsert.

Foto: Bård Siem / NRK

Hauge fortel at eit anna problem med norske ungdommar er at dei ofte vil på ferie.

– Vi forventar at dei skal vere i åkeren i opp til tre veker, men så finn dei etter ei veke ut at dei skal på ferie. Då står vi utan arbeidskraft, noko som ikkje er haldbart, seier ho. Påldtun gard leiger inn 15 plukkarar i år. Dei kjem frå Polen og Litauen.

Timeløna ligg på om lag 125 kroner i timen.

– Dritkjedeleg jobb

NRK møter ei rekkje 10.-klassingar frå Førde ungdomsskule under ein pause i gymtimen. Dei fleste kan ikkje tenkje seg å plukke bær.

– Eg kunne ikkje tenkje meg å jobbe som bærplukkar. Det må vere dritkjedeleg. Eg har fått meg sommarjobb på bensinstasjon, seier Magnus Aasen.

Heller ikkje Hedda Ripe vil plukke bær.

– Bærplukking er ikkje heilt mi greie. Det er for kjedeleg og tungt, seier ho.

f.v. Henrik Aamot, Amina Paulsen Soldal, Frida Indrebø, Hedda Ripe og Magnus Aasen.

SOMMARJOBB: 10.-klassingane ved Førde ungdomsskule er delt i synet på om dei vil plukke bær. F.v. Henrik Aamot, Amina Paulsen Soldal, Frida Indrebø, Hedda Ripe og Magnus Aasen. Ripe og Aasen utelukkar bærplukking. Frida Indrebø kan tenkje seg å plukke.

Foto: Bård Siem / NRK

Helge Einebærholm (62) frå Førde meiner det er pinleg at norsk ungdom ikkje lenger vil plukke bær.

– Dette synest eg veldig lite om. Vi må klare å hauste det vi sår. Både vaksne og unge har det for godt økonomisk i Norge. Då får det dessverre slike utslag, seier han.

Avviser at ungdommane er late

Seniorforskar Arild Henrik Steen ved Arbeidsforskingsinstituttet i Oslo meiner lågt lønsnivå er årsaka til at norsk ungdom ikkje vil plukke bær.

– Tilbodet av billig arbeidskraft frå utlandet pressar lønene ned. Hadde bærplukking vore betre betalt, ville fleire nordmenn jobba med det.

Har norsk ungdom vorte for late til å ta denne type jobbar?

– Det trur eg ikkje. Norsk ungdom jobbar ganske mykje ved sida av studiar og skulegang. Dei fleste jobbar hardt på skulen også. Norsk ungdom vel meir attraktive jobbar som er betre betalt.

Kan vi kome dit igjen at norsk ungdom byrjar å plukke bær?

– Eg vil heller håpe at vi finn opp gode robotar. I det framtidige digitaliserte og robotiserte arbeidslivet er det ikkje noko meining i at folk skal liggje på kne og plukke jordbær.