NRK Meny
Normal

Rekordtidleg sesong for bringebær

VESTFOSSEN (NRK): Det varme vêret i mai og juni gjer at årets bringebærsesong blir hurtig og intens. Sesongen starta heile to veker tidlegare enn normalt.

Raude bringebær med uskarp bakgrunn

BRÅSTARTA: Bringebærsesongen er i gang og kjem til å vere kort og hektisk i år.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Sjå her, ja. Eit stort og fint bringebær. Bærdyrkar Ole Petter Letmolie går mellom bringebærplantane på garden sin på Vestfossen. Han plukkar eit av dei modna og raude bæra og smakar på årets avling.

– Det smakar varmt og godt og det smakar sommar.

Rundt på garden er det flust i raudt mellom dei grøne blada. Arbeidet med å plukke er i gang for fullt. Dei startar tidleg om morgonen for å sleppe unna den verste varmen frå sola.

– Vanlegvis startar det med eit par kassar med bær ogso aukar det på. På fredag bråstarta det og i denne varmen so seier det berre «pang», fortel bærdyrkaren.

Bringebæråkeren til Ole Petter Letmolie på Vestfossen

MANGE BÆR: Varmen gjer at det kjem store mengder bær tidleg i sesongen.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Rekordtidleg start på sesongen

Bærrådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving, Stanislav Strbac, fortel at årets sesong starta to veker tidlegare i år enn normalen.

– Me har hatt rekordtidleg blomstring i slutten av mai grunna dei høge temperaturane. Dei fyrste bæra blei hausta 22. juni på Austlandet.

Den høge varmen gjer at bæra modnast raskt og kjem i store mengder no i starten. Strbac ventar at sesongen kjem til å bli kort og intens, og vare i fire veker.

– Til vanleg har eg bringebær i halvanna månads tid, men i år tørr eg ikkje love meir enn ein månads lang sesong, fortel Letmolie.

Vatnar heile dagen

Bringebærplantane treng godt med vatn for å få god smak og storleik. Under duken til planten står dryppvatninga på mykje av dagen hjå Letmolie.

– Det krev mykje vatn for å få fram bæra.

Ole Petter Letmolie

ERFAREN BÆRDYRKAR: Ole Petter Letmolie har dyrka bringebær i 16 år.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Men sjølv om vatninga går godt får ikkje bæra heilt den storleiken Letmolie ynskjer.

– Det ser ut til at bæra bråmodnar litt.

Bringebærrådgjevaren fortel at det kan vere utfordrande at bæra kjem so raskt, men at god vatning gjer det betre.

– Me har smaka på ein del bær no og det ser bra ut, fortel Strbac.

Var uroa for smaken

– Eg lura på om bæra kom til å bli smaklause når det gjekk so fort, men smaken er veldig søt og god. Det er veldig kjekt, seier bærdyrkaren.

Ole Petter Letmolie smakar på bringebær

GOD PÅ SMAK: Ole Petter Letmolien testar årets avling og er nøgd med smaken.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Under plukkinga tek bærdyrkaren gjerne lunsjen ute i åkeren.

– Eg har veldig lett for å nappe av nokre bær som eg et. Når du har matfatet rett utanfor her so gjer du jo det, ler Letmolie.