NRK Meny
Normal

Går mot ny rekord: Jerv kan ha teke 400 sauer

Talet på sau som er tekne av ein eller fleire jervar i indre Sogn stig stadig. Bøndene fortvilar, og etterlyser handling frå styresmaktene.

Sau drepen av jerv i Luster

MANGE: Talet på sauer tekne av jerv denne sumaren har nådd rekordhøgder, og enno er ikkje alle registrert. Bøndene fortvilar og etterlyser handling.

Foto: Statens Naturoppsyn

Måndag fekk dei presentere synet sitt på eit krisemøte i Lærdal, der både sauebønder politikarar og oppsynsmenn oppsummerte jerven sine herjingar og diskuterte kva som kan gjerast.

Ole Bjarne Hovland er leiar i Naddvik beitelag, eit beitelag som er hardt råka av jerven eller jervane sine herjingar. Han er positiv etter møtet.

– Det var eit godt møte, og rovviltnemnda med Distad i spissen, sa klart ifrå om at forvaltninga har svikta. Det var mange viktige personar i forvaltninga til stades her. Det lovar bra for at det blir ei endring og nytenking, seier Hovland.

«Frustrerande», «deprimerande», «tom og mållaus»

Hovland la fram nye tal på møtet i dag. Naddvik beitelag antek at dei har mist 257 lam og 25 søyer. Over 100 av desse er førebels registrert som tekne av jerv.

– Det er lite sauer att å finne. Listene våre er lange, så me får inderleg håpe me finn fleire, seier Hovland.

Han føler at beitenæringa har vorte ståande aleine med situasjonen, og at ingen har villa ta tak i det.

– Det gjer noko med ein bonde og ønsket om å satse vidare. Dei siste vekene og sauesankinga no i helga har vore frustrerande og deprimerande. Det er tungt å berre finne søyer og ikkje lam. Du blir nesten heilt tom og mållaus.

Store tap også andre stader

Sauebonde i Lærdal, Anders Hunderi, har mist over 30 av sine 400 dyr på beite.

– Det har vore veldig vanskeleg å få heim sauene i det heile tatt. Dei har vore utruleg skye. Det er heilt tydeleg at det har vore dyr etter dei. Dei reagerer spesielt på hund, seier Hunderi.

Normalt mister han mellom fem og ti dyr. Denne sumaren pregar difor ikkje berre sauene, men også sauebøndene.

– Når du steller med dette heile året, så gjer det noko med deg når du finn halvdaude dyr oppe i fjellet. Eg har ein nabo som meiner han har mist rundt 80 dyr. Og i Årdal har dei jo hatt vanvitig store tap.

I tillegg til tapa i Lærdal og Årdal er det påvist at 14 lam til no er tekne av jerv i Jostedalen. Også der fryktar dei langt større tap. I Stryn er fire sauer tekne av jerv.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sau skadd av jerv. Foto: Anders Hunderi

Denne sauen var framleis i live då dei fann den. Foto: Anders Hunderi.

Rekord med negativt forteikn

Sjølv om tala frå hovudsankinga i helga ikkje er tekne med, kan tapa kome opp i meir enn 400 dyr i indre Sogn.

– Det er rekord. 25 prosent av skadane som finst i databasen vår, som gjeld heile landet, kjem frå dette området, seier Rein Arne Golf, rovviltansvarleg i Statens Naturoppsyn

– Kor store tal kan det bli?

– Det blir spekulasjonar så lenge sankinga ikkje er ferdig og oppsummert. Men me må forvente at tala blir høgare enn det som no er registrert.

Eit spørsmål ein må stille seg når så mange dyr blir tekne av jerv er om dette er «jerven eller jervane». Golf seier det er eit vanskeleg spørsmål å svare på, fordi dei har få spor å gå etter om sumaren. Og når vinteren kjem vil dei ikkje vite om det er same dyr, eller fleire eller færre enn om sumaren.

– Ser ein på skadane, treng det ikkje fleire jervar. Men det kan og vere fleire.

Krev endra grenser

Ifølgje forvaltningsplanar skal det ikkje vere ynglande jerv i Sogn og Fjordane. Det skal heller ikkje vere jerv som representerer skadepotensial for beitenæringa. Uttak av jerv skal vere det viktigaste tiltaket.

Sauebonde og leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, la i dag fram ei rekkje tiltak på vegner av næringa. Dei meiner at lisensjakta ikkje har fungert, og krev mellom anna at jakta skal starte tidlegare, og overvaking med kamera og bruk av snøscooter

(Artikkelen held fram under biletet)

Krav frå beitenæringa

LISTE: Her er krava Ole Bjarne Hovland la fram på møtet i Lærdal måndag.

Foto: Rune Fossum / NRK

Felles for bøndene, og eit av krava som har kome gjentatte gonger i sumar, er at dei krev at ynlgesona i Oppland, som for nokre år sidan vart flytta inn til grensa til Sogn og Fjordane, vert flytta vekk att.

– Ynglesona må tilbake til Ottadalen der ho høyrer heime, og ikkje midt oppe på Sognefjellet. For det opnar vegen for jerv inn i våre prioriterte beiteområde, seier Hovland.

Lovar at han gjer alt for å flytte grensa

Noralv Distad, leiar i Rovviltnemnda i region 1, som er Sogn og Fjordane, forstår frustrasjonen til bøndene godt, og seier at situasjonen er frykteleg for bøndene.

Han meiner at forvaltninga har svikta dei siste åra, og seier han nyttar alle høve til å ta opp grensa for ynglande jerv i Oppland.

– Jerven ser ikkje grenser, og går der han vil. Det burde vore ei buffersone. Det tek eg opp i alle møte med statsrådar, statssekretærar og andre. Men førebels vil dei ikkje overprøve avgjerda i Oppland om å flytte grensa nærmare Sogn og Fjordane. Men me prøver kontinuerleg å finne ei løysing, seier Distad.

Leiaren i rovviltnemnda meiner forvaltninga har svikta dei siste åra, og at tapa har vore altfor store. Han seier det er «uhyre viktig» at jervestammen vert redusert den komande vinteren og fram mot neste beitesesong.

– Situasjonen er sopass alvorleg at me må leggje eit hardt trykk på styresmaktene, slik at dei gir oppdrag tidleg til SNO. Sist vinter kom jakta seint i gong, og då var det vanskelege forhold for å spore jerven, seier Distad.

(Artikkelen held fram under videoen)

Aldri før har jerven tatt livet av så mange sau i Sogn som nå. I dag ble det kalt inn til krisemøte i Lærdal. Bøndene fortviler og vil at alle rovdyrene skal tas ut, slik at flere sauer skal slippe å lide.

Sjå TV-sak frå Vestlandsrevyen måndag 15.09.

Ser betre ut andre stader i fylket

Olav Kåre Kusslid, ein stor sauebonde i Førde, seier det ser bra ut etter sankinga så langt. Neste helg skal dei hente sauer og lam ned frå Supphelledalen i Fjærland.

Også leiar i Gaupne sankelag, Elling Lillesvangstu, ser positivt på ting etter eit møte i sankelaget måndag kveld.

– Me har lite sauetap så langt. Det ser utruleg bra ut. Men eg har mykje att å sanke enno, så me veit meir om rundt 14 dagar, seier Lillesvangstu.

Sauebonde Anders Hunderi, som er ein av bøndene i Lærdal og Årdal med svært store tap, er heilt klar i sin dom.

– Skal det vere beitedyr her, kan det ikkje vere jerv. Det fungerer ikkje på same plass. Det er umogleg å ha dei på same plass, seier Hunderi.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.