Hopp til innhold

Kan ha mist mellom 60 og 90 lam

Saueeigar Ove Baggetun frå Luster kan gå på eit stort tap denne sesongen. Etter sauesankinga i helga fryktar han at han kan ha mist mellom 60 og 90 lam.

Jerveskade

JERVESKADAR: Ove Baggetun måtte avlive lam med bittskader.

Foto: Ove Baggetun

– Det er berre trist. Eg har stelt med dei om våren og fått store fine lam og så skjer slikt.

Baggetun sleppte 708 sauer på beite. Etter den store fellessankinga i Luster i helga har han fått heim om lag 500. Det som gjer han uroleg er at blant sauene han fekk heim, var det kring 30 som ikkje hadde lam. Når ein sau har to til tre lam kan det bety eit tap på mellom 60 og 90 lam.

– No har eg ikkje heilt oversikta enno, men ein stad der kan det nok fort bli.

Frå før har han funne fleire kadaver av sauer som er tekne av jerv. Under sankinga i helga fann han eit nytt kadaver og eit lam med så store bitskadar at det måtte avlivast

– Det er forferdeleg, lammet som var skadd har sannsynlegvis gått nærare ei veke å pintes.

Ikkje store tap andre stader

Rovviltkontakt i Statens Naturoppsyn, Einar Fortun, seier at han så langt ikkje har fått meldingar om andre saueeigarar i Luster som har store tap.

– Slik sett så kan ein håpe at vi har gått klar det verste i år. Men sauene som no går igjen i fjellet kan blir svært utsette om vi får vêromslag. Heilt sikre blir vi ikkje før vi er ferdige med ettersankinga og.

Også for Skjolden beitelag har sankinga gått bra. Arne Rebni Øvreås som er rovviltkontakt Skjolden beitelag seier han no har fått heim 105 av dei 120 han sleppte på fjellet i sommar.

– I år ser det ikkje ut som vi får mykje skadar her, så vi er nøgde med at det ser ut til å gå mot ein god sesong for vår del.