Hopp til innhold

Kan få kommunesenteret- snur likevel ryggen til Kinn

Kommunesenteret i nye Kinn kan bli lagt til Svelgen. Likevel er fleirtalet av politikarane i Bremanger negative til å bli med i den nye storkommunen.

Espen Sortevik Bremanger Ap

NEGATIV: Å få kommunesenteret til Svelgen er ikkje nok for at Ap skal seie ja til Kinn. I tillegg må Flora godta at kystvegen skal gå via Grov. Då vil Bremanger Ap vurdere å gå inn i Kinn, seier gruppeleiar Espen Sortevik.

Foto: Privat

Ordførarane i Flora og Vågsøy har ymta frampå om at Svelgen kan bli det nye kommunesenteret dersom Bremanger blir med i Kinn. Men dette har ikkje fått Senterpartiet eller Arbeidarpartiet i Bremanger til å endre syn.

– Eg håpte vi skulle få til eit godt samarbeid på kysten, men det klarte Vågsøy og Flora å øydelegge ved å starte ein prosess for å slå seg saman. Det er ikkje aktuelt å gå inn i Kinn, seier Marius Strømmen, gruppeleiar i Bremanger Senterparti.

Marius Strømmen, Havfront

SEIER NEI: Vi takkar for tilbodet frå Vågsøy og Flora, men eg trur ikkje gjestfridomen vil vare særleg lenge. For Senterpartiet i Bremanger er det uaktuelt å bli med i Kinn, seier gruppeleiar Marius Strømmen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Krev skriftleg avtale

Saman med Senterparti har Arbeidarpartiet samrøystes gått mot å gå inn i Kinn. Ifølgje gruppeleiar Espen Sortevik skal mykje til for at Ap-gruppa skal endre syn. Han meiner det må på plass er ein skriftleg lovnad frå både Vågsøy og Flora om at Svelgen skal vere kommunesenteret. I tillegg må Flora love at kystvegen skal gå via Grov og ikkje via Terøy, slik Flora har gått inn for.

– Dersom desse krava blir innfridde, kan det vere at Arbeidarpartiet kan vere villig til å sjå på saka på nytt.

Arbeidarpartiet og Senterpartiet har fleirtal i Bremanger kommunestyre.

H og V positive

Lokallaga for Høgre og Venstre i Bremanger har stilt seg positive til å gå i forhandlingar om å gå inn i Kinn. Åge Senneset, fungerande gruppeleiar i Venstre, meiner dei nye signala frå Flora og Vågsøy må takast på alvor.

– Dersom vi får tilbod om kommunesenteret til Svelgen bør vi sjå på saka på nytt, seier han. Senneset håper Kinn kommune kan kome med eit skriftleg tilbod, slik at ein har noko konkret å ta omsyn til.

– Først då kan bli fleirtal for ein ny runde i Bremanger kommunestyre, seier han.

Vil ha føringar om kraftmidlar

Roger Mulelid, leiar i Bremanger Høgre, har heile tida meint at Bremanger bør vere ein del av Kinn. Også han meiner Kinn må kome med ein skriftleg lovnad om at kommunesenteret blir lagt til Svelgen.

– I tillegg bør dei kanskje kome med føringar om at dei godtek at Bremanger sine kraftmidlar i ein viss tidsperiode skal brukast innan Bremanger kommune sine grenser, seier han.