Hopp til innhold

Her vil Frank Willy leggje kommunesenteret for ny storkommune

Florøpolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) meiner at Svelgen bør bli kommunesenter i nye Kinn kommune.

Svelgen

Flora og Vågsøy kommunar har vedteke å slå seg saman til nye Kinn kommune. Men det er ein stor hake ved det heile: Bremanger som ligg geografisk midt imellom har sagt nei. Vågsøy og Flora grensar ikkje til kvarandre.

Djuvik har eit sterkt ønskje om å få med seg også Bremanger og legg no ut ei skikkeleg gulrot for å lokke dei med.

– Det er berre å sjå på kartet at det geografiske midtpunktet vil vere Svelgen, seier Djuvik.

Ordførar i Flora, Ola Teigen (Ap), fortel at Svelgen vil få sterkt auka kommunal aktivitet dersom Bremanger vel å gå inn i Kinn.

– På grunn av geografien vil det vere naturleg å leggje dei aller fleste politiske møta til Svelgen. Eg har heller ikkje noko imot å ha kontorstad i Svelgen, seier han.

Ola Teigen, ordføraren i Flora, på veg heim frå Batalden

Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) vil legge dei aller fleste politiske møta til Svelgen dersom Bremanger blir med i nye Kinn kommune.

Foto: Snorre Sandemose / NRK

Teigen kan ikkje på vegner bystyret love at Svelgen skal få kommunesenteret. Samtidig legg til at det vil vere naturleg at toppleiinga i kommunen kan jobbe både frå Flora, Svelgen og Måløy.

Meiner Svelgen blir sentral plass

Ordførar Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy kan heller ikkje love at Svelgen skal få kommunesenteret. Men ho legg til at Svelgen vil bli ein svært sentral plass dersom Bremanger blir med i den nye kommunen.

Kristin Maurstad

Det har også tidlegare vore snakk om at Svelgen kan bli det nye kommunesenteret og ingen har avvist den tanken, seier Maurstad.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Det har også tidlegare vore snakk om at Svelgen kan bli det nye kommunesenteret og ingen har avvist den tanken, seier Maurstad.

Kunne du sjølv tenkt deg å ha ordførarkontoret i Svelgen?

– Kor ordføraren og rådmannen sit er underordna. Det viktigaste er kor tenestene er og at tenestene er gode, seier ho.

Positiv Bremanger-ordførar

Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys (H) stiller seg positiv til dei nye signala frå Flora og Vågsøy.

– Det at Bremanger kan få funksjonar som vi har frykta ville bli tatt ifrå oss er sjølvsagt veldig positive signal, seier han.

Audun Åge Røys

Det vil vere svært positivt for Svelgen dersom Svelgen skulle bli det nye kommunesenteret i Kinn, seier ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Røys meiner det vil vere viktig for Svelgen-samfunnet dersom kommunesenteret skulle bli lagt dit.

– Eg personleg har heile tida vore positiv til å forhandle med naboane våre. Dette vil gjere det endå meir attraktivt, seier han. Røys seier Bremanger raskt kan bli med i forhandlingane om nye Kinn kommune dersom kommunestyret seier ja.

Heile toppleiinga i Svelgen

Frank Willy Djuvik (Frp) trur politikarane i Flora vil vere positive til å gje Svelgen ein sentral posisjon.

– Politikarane i Flora ønskjer å få på plass ein sterkast mogleg kystkommune som kan gje gode tenester til innbyggjarane. Vi har ikkje hatt noko prestisje om kor kommunesenteret skal liggje, seier han. Djuvik ser for seg at heile toppleiinga i Kinn med ordførar og rådmann i spissen blir sitjande i Svelgen.

Djuvik meiner det vil vere meir attraktivt for innbyggjarane i Bremanger å bli med i Kinn dersom kommunesenteret blir lagt til Svelgen. Det vil bety fleire offentlege arbeidsplassar og meir aktivitet i Svelgen, hevdar han.

Ordførarane i Vågsøy og Flora håper politikarane i Bremanger vil sjå på saka på nytt og gå i forhandlingar om å bli ein del av Kinn kommune.

Kinn kommune
Frank Willy Djuvik

GULROT: Svelgen vil vere det naturlege kommunesenteret i nye Kinn kommune dersom også Bremanger kommune blir med, meiner Frank Willy Djuvik, gruppeleiar for Frp i Flora.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK