Hopp til innhold

Kan bli årelang vikarkabal innan psykiatrien

FØRDE (NRK): Til no i år har Helse Førde brukt to millionar kroner på å leige inn overlegevikarar til psykisk helsevern. Pårørandeforeining fryktar pasientane blir skadelidande.

Psykiatrisk klinikk i Førde

OVERLEGEMANGEL: Psykiatrisk klinikk i Førde er ein av institusjonane under psykisk helsevern som slit med å få tak i overlegar. – Vi har sju legar i utdanning, som vi etter kvart kan bruke, men det vil ta år før dei er klare, seier klinikkdirektør Svein Ove Alisøy.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er veldig skremmande. Kontinuitet og gode alliansar mellom pasient og behandlar er vesentleg for utfallet av behandlinga. Då er dette ekstra uheldig, seier Astrid Gytri som er fylkessekretær i Landsforeningen for pårørande innan psykisk helsevern.

Astrid Gytri

KRITISK: Astrid Gytri ser med uroa på bruken av overlegevikarar innan psykisk helsevern i Helse Førde. – Det har vore eit jamt problem, som har auka siste halvåret, seier ho.

Foto: NRK

Dei ser mørkt på at ein ved klinikk for psykisk helsevern i Helse Førde til no i år har brukt to millionar kroner på å hyre inn overlegevikarar. Etter at to overlegar slutta i stillingane sine i fjor, har det vore vanskeleg å få tak i nye.

– Samla treng vi tre-fire overlegar for å få det til å gå i hop, men vi har ikkje fått erstatta dei som slutta, seier konstituert klinikkdirektør, Svein Ove Alisøy.

– Kontinuitet ein nøkkelfaktor

Nokre av vikarane blir nokre månadar, medan andre berre er innom i to veker før dei gjerne kjem att seinare. Ein pasient på akuttpost ligg i gjennomsnitt i sju-åtte dagar, medan pasientar som er inne til lenger behandling er der 20 dagar i snitt.

Klinikkdirektøren understrekar at pasientane får det tilbodet dei har krav på, men ser at det byr på utfordringar når pasientane ikkje alltid har dei same overlegane å forhalde seg til.

– Dei får forsvarlege tenester, men kontinuiteten er ankepunktet.

Lars Lien

SUKSESSFAKTOR: Dess meir stabilt eit behandlingsteam er over tid, dess betre er det for pasienten, seier Lars Lien i nasjonalt kompetansesenter for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse.

Foto: Kirsti Falch-Nilsen

Ekspertar på fagområdet er klare på at det å ha stabilt hjelpepersonell over tid er viktig for å lukkast med behandlinga.

– For pasientar med samansette lidingar, er kontinuitet i behandlinga ein nøkkel. Spesielt for dei aller dårlegaste er det viktig at dei opplever trygge rammer, seier leiar for Nasjonalt kompetansesenter for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse, Lars Lien.

Vil vere slik i fleire år

Sjølv om klinikken har betalt to millionar ekstra berre på to månadar, meiner klinikkdirektøren at dei skal klare å halde seg til budsjettet, enn så lenge. Samstundes er Alisøy klar på at det ikkje ligg an til betring av situasjonen med det første.

Svein Ove Alisøy i Helse Førde

UTFORDRING: Klinikkdirektør Sein Ove Alisøy seier dei slit med å få tak i overlegar, medan det er god tilgang på psykologar og andre helsearbeidarar på avdelinga.

Foto: Eva Marie Felde

– Frå 2017 kjem det nye legar som er ferdigutdanna som overlegar, og vi prøver å rekruttere inn på anna vis, men vi veit ikkje om vi vil klare det. Eg ser for meg at vi må halde fram i fleire år framleis, men forhåpentlegvis i mindre omfang enn i dag.

Det meiner pårørandeforeininga ikkje er godt nok.

– Det er enno meir skremmande. Blir det underskot framover, så vil det ha konsekvensar for drifta på andre område.