Helse Førde står framfor store utskiftingar av fagfolk

Særleg i nøkkelstillingar som overlegar og spesialsjukepleiarar er snittalderen høg. Over halvparten er over 55 år eller eldre.

Jon Bolstad og Jorunn Ringstad

TRENG UNGE FAGFOLK: Administrerande direktør Jon Bolstad og styreleiar Jorunn Ringstad i Helse Førde.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Vi ynskjer jo at folk skal stå i jobb så lenge som mogleg. Det er flott med mykje erfaring, men det er klart at vi må sørge for at etterveksten er god, seier administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde.

Innan kort tid vil svært mange fagfolk i nøkkelstillingar i Helse Førde forsvinne ut i pensjon. Nesten halvparten av overlegane er 55 år eller eldre, medan to av tre er over 50. Snittalderen på spesialsjukepleiarar er også høg. Difor må nye fagfolk hentast, men det er ikkje gjort over natta.

Jaktar på ferdige legar

Særleg vanskeleg er det å skaffe legar som er ferdig med spesialiseringa.

Vi ser utfordringane for nokre spesialitetar der rekrutteringa er vanskeleg. Eit døme kan vere kreftlegar, onkologar, seier Bolstad.

Helse Førde har bygt opp eit godt tilbod i Sogn og Fjordane, der dei også samarbeider godt med Haukeland.

– Vi har teneste frå lokalsjukehus til Førde og Bergen, men det krev at vi har ei god stamme med onkologar i organisasjonen. Der er vi sårbare, og det ser eg blir utfordrande framover, seier Bolstad.

Samarbeidet med Haukeland

Helseføretaket har i lenger tid jobba for å møte utfordringane. Bolstad er klar på kva som er dei viktigaste tiltaka.

– Den viktigaste løysinga for Helse Førde er å fortsette det gode samarbeidet med Haukeland. Haukeland er ein viktig institusjon for oss i forhold til utdanning av spesialistar, og Høgskulen i Sogn og Fjordane er viktig for utdanning og vidareutdanning av sjukepleiarar og sjukepleiespesialistar, seier Bolstad.

Det er ikkje berre i Helse Førde at rekruttering av fagfolk er vanskeleg. Og det er gjerne dei mindre føretaka som slit mest, seier styreleiar i Helse Førde, Jorunn Ringstad.

– Dei fleste ynskjer seg eit større miljø når dei først skal jobbe. Fordele ansvar, ha eit miljø der du kan diskutere kasus og ulike situasjonar. Men det er ei langsiktig løp, og til no har ein greidd det bra, men ein må heile tida stå på for å fylle opp ledige stillingar på ulike område, seier Ringstad.

Fokus på heile fagmiljøet

Difor meiner direktør Bolstad at det er viktig å ha fokus på heile fagmiljøet, ikkje berre enkeltpersonar.

– Det å rekruttere nøkkelpersonar er godt gammaldags handverk i den forstand at du må bygge stein på stein, vere tolmodig og gjere deg attraktiv. Du må jobbe med miljøet i mykje større grad enn tidlegare, der ein tenkte meir på at ein skulle ha tak i einskild personar.

Difor er det så viktig for oss å forvalte miljøa så godt som mogleg. Miljøa i seg sjølv kan også vere rekrutterande dersom vi gjer ting på ein god måte, seier Bolstad.