Hopp til innhold

Jublar over ny avtale mellom posten og sjukehusa

Sjukehusa har inngått ny avtale med Posten om transport av laboratorieprøvar som ei erstatning for A-postordninga som forsvinn ved nyttår.

Reidar Hjetland

OVERLEGE: Reidar Hjetland er overlege på mikrobiologisk avdeling på sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Dette betyr at ein kan få levert blodprøvar og andre prøvar frå pasientar tatt ved legekontora fort fram til laboratorium på sjukehuset, seier Reidar Hjetland, overlege på mikrobiologisk avdeling ved sentralsjukehuset i Førde.

Bakgrunnen er at A-postordninga blir avvikla ved årsskiftet. Tidlegare i haust uttalte Senterpartiets Kjersti Toppe at ho var bekymra for at dette ville gå ut over pasientane i usentrale strøk fordi det kunne ta lengre tid å sende prøvar frå legekontor til laboratorium.

No har Sjukehusinnkjøp forhandla fram ein avtale med Posten AS på vegner av helseføretaka.

– Det har vore viktig for oss å få denne avtalen på plass i god tid før nyttår. Posten Noreg AS skal no levere laboratorieprøvar til eit fornuftig prisnivå, noko vi er godt fornøgde med, seier administrerande direktør Kjetil Istad i Sjukehusinnkjøp HF til NTB.

Tenesta helseføretaka kjøper heiter «Bedriftspakke ekspress over natta». Prisen skal vere den same over heile landet.

– Det er slik at dette er biologiske preparat og dei toler ikkje lang transport og taper seg om det tar lang tid mellom prøvetaking og analyse. Vi er veldig glad for at dette no har kome på plass, seier Hjetland i Helse Førde.

I fjor var sjukehusa i landet ute og åtvara mot nedlegging av post på laurdagar. Frykta var at viktige sjukehusprøvar, til dømes blodprøvar, skulle bli liggande frå fredag til måndag.

Laboratorieprøvar frå Posten, Førde sentralsjukehus

I POSTEN: Prøvar frå legekontor vil framleis kunne sikre utkøyring laurdagar, slik at blodprøvar som blir sende fredag, vil komme til laboratoria neste dag.

Foto: Steinar Lote / NRK