Hopp til innhold

Sjukehus-Norge krev at regjeringa bergar laurdagsposten

Helseføretak over heile landet protesterer mot at Posten ikkje lenger vil levere biologiske prøvar på laurdagar. No krev dei at regjeringa finn ei løysing.

Laboratorieprøvar frå Posten, Førde sentralsjukehus
Foto: Steinar Lote / NRK

– Dette vil få konsekvensar for oss, og for pasientane. Det er uhaldbart å avvikle leveringa av prøvar på laurdagar, seier administrerande direktør i Helse Nord, Lars Vorland.

Han er i denne saka talsmann for alle helseføretaka i landet.

Fryktar viktige prøvar blir ubrukelege

Lars Vorland, direktør i Helse Nord

FRYKTAR KONSEKVENSANE: Direktør i Helse Nord og talsperson for alle helseføretaka i landet, Lars Vorland.

Foto: Barbro Andersen / NRK

NRK fortalde i januar at frå 1. mars er det slutt på postombering på laurdagar. Helse Førde åtvara om at følgene av å ikkje få viktig post inn til sjukehusa. No har alle landets helseføretak sendt ein skriftleg førespurnad til Helse- og omsorgsdepartementet der dei krev ei løysing.

Etter protestar frå landets avisredaktørar har posten komme fram til at aviser blir køyrde ut, men viktige sjukehusprøvar, til dømes blodprøvar, blir derimot liggande til måndagar.

– For nokre biologiske prøvar, til dømes bakterieprøvar, er det viktig at dei kjem raskt fram. Det som er i prøvane kan døy ut. Så for oss er det ganske kritisk at vi også får postombering på laurdagar, forklarer Vorland.

I praksis vil endringa bety at prøvar tatt til dømes ute i kommunane ein fredag, ikkje vil nå fram til sjukehusa før måndag. Vorland åtvarar om meir usikre prøvar, og lengre ventetid for prøvesvar, dersom ikkje noko blir gjort.

Eg vil på det sterkaste anbefale helsesektoren å nytte seg av ekspresstenestene.

Reynir Johannessen, statssekretær (Frp)
Den nye postlova skaper bekymring i helsevesenet. Frå første mars leverer nemleg ikkje Posten ut brev på laurdagar lenger. Det betyr at livsviktige biologiske prøver kan bli for gamle før dei når sjukehuset.

SJÅ-TV REPORTASJE: 26. januar gjekk tilsette og leiing i Helse Førde ut på NRK Vestlandsrevyen og åtvara mot følgene av å kutte postomberinga på laurdagar.

Innføringa av EU sitt postdirektiv vart stoppa då Senterpartiet la ned veto i den raudgrøne regjeringa. Då dei borgarlege partia tok makta, vart det likevel vedtatt. Dermed får Posten slutte å levere slike brev til norske sjukehus på laurdagar.

Samferdsledepartementet: – Bruk ekspresstenester

I Samferdsledepartementet, som har ansvaret for Posten, er dei klare på at postdirektivet vil spare staten for millionar.

– Totalt sett for samfunnet, er det ei veldig god og klok avgjerd, seier statssekretær Reynir Johannesson.

Statssekretær Reynir Jóhannesson

VIL SPARE PENGAR: Statssekretær Reynir Johannesson (Frp) meiner fellesskapet sparer store pengar på å innføre EU sitt postdirektiv, og dermed droppe laurdagsposten.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon

– Skal vi bruke så mykje av fellesskapet sine midlar på å halde oppe eit system som nesten ikkje inneheld post, eller skal vi bruke ein liten del på å spesialløysingar for dei som treng det, spør han retorisk.

Samferdsledepartementet meiner det er opp til regjeringskollegaene i Helse- og omsorgsdepartementet å finne ei løysing på helseføretaka sitt postbehov på laurdagar.

– Vegen vidare er å finne gode løysingar for helsevesenet for å tilpasse seg endringa. Viss det er noko i prøvane som kan gå ut over pasienttryggleiken eller handlar om liv og helse, så vil eg på det sterkaste anbefale helsesektoren å nytte seg av ekspresstenestene, seier statssekretæren.

Post i bil

BERRE FEM DAGAR: Frå mars kjem ikkje postbilane lenger ut brev på laurdagar.

Ber om dispensasjon

Helse- og omsorgsdepartementet opplyser at dei har bede Helsedirektoratet om å greie ut konsekvensane av den nye postlova. Leiinga i departementet vil ikkje kommentere saka før svaret frå direktoratet er klart.

I tillegg har helseminister Bent Høie (H) fått eit skriftleg spørsmål frå Stortinget, opplyser departementet til NRK.

Helseføretaka vil ikkje vil slå seg til ro med svaret frå Samferdsledepartementet.

– Vi ønskjer at vi får ein dispensasjon slik at vi også får prøvar sendt til oss på laurdagar. Viss ikkje har vi eit problem. Då vil prøvane berre bli liggande i Posten. Det vil vere uheldig, fastslår Lars Vorland.