Hopp til innhold

Jublar over kystveg

Både næringsliv og politikarar på kysten gler seg i dag over at fylkestinget vil prioritere kystvegen.

Sindre Kvalheim og Kristin Maurstad

KYSTVEGEN: Sindre kvalheim og Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Dette er heilt strålande, seier næringslivsmannen Sindre Kvalheim frå Vågsøy.

For berre ei knapp veke sidan ropte eit samla næringsliv frå kysten varsku etter at fylkesutvalet skapte uvisse med eit vedtak, som opna for fjordkryssing med ferje i ytre Nordfjorden. No slår fylkestinget fast at det skal vere bru.

– Det var ei veldig viktig presisering å få fastslått at det skal byggast bru, og at ein ikkje går for ei mellombels løysing med ferje, seier Kristin Maurstad som er ordførar i Vågsøy.

Halverer reisetida

I 2020 skal Flora og Vågsøy slå seg saman til Kinn Kommune. I dag tar det om lag to timar å køyre frå Måløy til Florø. Med Kystvegen håpar florarordførar Ola Teigen at dei skal kunne gjere unna reisa på halve tida.

Ola Teigen smiler

– AVGJERANDE FOR KINN: Ola Teigen (Ap) er ordførar i Flora.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kystvegen er eit felles prosjekt mellom fylka frå Møre og Romsdal i nord, til Hordaland i Sør. Her i fylket er det frå Måløy til Florø den skal gå.

– Kystvegen skal knyte Flora og Vågsøy tettare saman og dette er heilt avgjerande for den nye kommunen, seier Teigen.

Det er ordførarkollegaen i Vågsøy heilt samd i.

– Mykje av grunnen til at vi har hatt folketalsnedgang, og at vi har slite med å kunne tilby gode arbeidsmarknadar er fordi vi har hatt så dårlege kommunikasjonar. Næringslivet har vore ein stor pådrivar for å få på plass desse vegløysingane, seier Maurstad.

Viktig for næringslivet

Med bru over ytre Nordfjorden frå Tongane til Biskjelneset kan ein i framtida køyre ferjefritt frå Florø til Måløy. Dermed opnar det seg heilt nye bu- og arbeidsregionar.

– Det vi i næringslivet merkar godt er at vi manglar ein del av dei buattraktive arbeidsplassane knytt til det offentlege. Eg tenker då på meir typiske kvinnearbeidsplassar. For når vi rekrutterer så er det diverre flest menn som søker, seier Kvalheim.

Men dei nye bu- og arbeidsmarknadane som kystvegen opnar for ser han for seg at det skal verte lettare å rekruttere.

– Det vil eg absolutt tru. Den generasjonen som veks opp er ikkje framande for å sitte ein time bil for å kome til arbeidsplassen, seier Kvalheim.