Hopp til innhold

Det store slaget om kystvegen

Næringslivstoppar meiner politikarane sender eit dramatisk signal til kysten om kystvegen vert endra eller utsett.

Kystvegen

STÅR SAMAN OM KYSTVEGEN: Sindre Kvalheim, Øyvind Reed, Paul Inge Angelshaug, Erlend Kvalheim, Vegard Ø. Larsen, Stian Hjelle, Per Jørgen Silden, Kristian Skibenes, Rune Sætren og Olav Steimler er alle einige om verdien kystvegen har for næringsutvikling.

Foto: Privat

– Skal ein få til utvikling på kysten, så må ikkje politikarane stogge dei mest grunnleggande tiltaka vi treng, seier Sindre Kvalheim.

I tur og orden har samferdsleutvalet og fylkesutvalet behandla den regionale transportplanen.

Fylkesutvalet har gjort vedtak om la utbetring av Svelgen-Indrehus vere på førsteplass når det gjeld prioritering av store vegprosjekt. Frå Måløy over til Bremanger har det vore planlagt ei bru.

– Vi har vedteke at det skal vere mål om bru mellom Måløy og Bremanger, seier leiar for fylkesutvalet, fylkesordførar Jenny Følling.

Ordlyden fell ikkje i god jord hos sentrale næringstoppar. Ti personar frå næringslivet i Vågsøy og frå Stadlandet har samla seg for å rope varsku for kystvegen mellom Måløy og Florø.

– Det handlar om at politikarane må vere tydelege på at det skal vere bru mellom Måløy og Bremanger, seier Kvalheim.

Følling: – Ikkje grunn til å vere uroa

På same tid fryktar næringstoppane at rask oppstart på utbetringa av fylkesveg 57 Dale-Bringeland-Førde kan skubbe vegen mellom Svelgen-Indrehus ned på prioriteringslista. Fylkesveg 57 ligg på andreplass.

– Svelgen-Indrehus må ha høgste prioritet. Vi kan ikkje leve med den dårlege kommunikasjonen vi har sørover. Får vi på plass Svelgen-Indrehus, og ei bru frå Måløy til Bremanger, så kan ein faktisk nå Florø eller Førde på 1 time og 20 minutt, seier Kvalheim.

Leiaren av fylkesutvalet meiner det ikkje er grunn til å vere uroa.

– Vi prioriterer Svelgen-Indrehus først av dei store prosjekta. Fjordkryssing i ytre ligg på tredjeplass, seier Følling.

Jenny Følling og Sigurd Reksnes på fylkesutvalsmøte

MÅL OM BRU: Leiar for fylkesutvalet, Jenny Følling, seier dei har som mål å få bru mellom Måløy og Bremanger.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til saman har representantane frå næringslivet ansvaret for over 1000 tilsette. Blant desse er mannskapet til Kristian Skibenes i Fjord Shipping og Olav Steimler i Ervik Havfiskegruppen. Fleire av næringslivstoppane driv i ein global marknad.

– Det er viktig at kundar kan nå oss. Dårleg kommunikasjon gjer at vi alt for ofte må ha møte i dei store byane. På same tid må vi danne ein region der ein skapar ein felles bu- og arbeidsmarknad, og legg til rette for pendling.

Det endelege slaget står når saka skal opp i fylkestinget onsdag 6. desember. Representantane frå næringslivet ber om at dei blir høyrde.

Vi er ei gruppering som politikarane ofte snakkar om i festtalane sine for å få folk til å flytte heim til Sogn og Fjordane. For oss er kystvegen mellom Måløy og Florø ein opplagt ting dei bør satse på, seier Kvalheim.