NRK Meny
Normal

Jølster er skeptisk til Hafs-alternativet

Medan Førde og Gaular signaliserer at dei kan tenkje seg å ha med seg Hafs-kommunane i ein storkommune, er Jølster og Naustdal meir skeptiske.

Oddmund Klakegg og Olve Grotle

USIKKER: Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) er klar på at det er langt frå Jølster til Askvoll. T.h. Førde-ordførar Olve Grotle.

Foto: Bård Siem / NRK

Dette kom fram under eit fellesmøte mellom ordførarane og rådmennene i Førde, Naustdal, Gaular og Jølster i går. Jølster-ordførar Oddmund Klakegg sa det slik.

– For Jølster er det naturleg å sjå mot naboane våre, både Naustdal, Gaular og Førde. Og så er det eit godt stykke ut til Askvoll, sett frå Jølster si side, seier Jølster-ordførar Oddmund Klakegg.

NRK deltok på delar av møtet mellom rådmennene og ordførarane måndag, og då Førde og Gaular signaliserte at dei kan tenkje seg å ha med seg også Askvoll og Fjaler i ein stor Sunnfjord-kommune, vrei Jølster-ordførar Oddmund Klakegg i stolen.

Eg kjenner på dette som eit sterkt tillitsbrot, i høve den prosessen vi har hatt i forkant.

Frida Melvær

Vil vente

– Jølster har nok vore veldig opptekne av prosessen som har gått i indre Sunnfjord. Det er også den vi har spurt jølstringane om, når det gjeld å slå seg i hop. Spørsmålet om Askvoll og Fjaler er noko vi er nøydde til å diskutere i kommunestyret vårt, seier Klakegg.

Folkefleirtalet i Jølster, Førde, Gaular og Naustdal (liten SIS) har signalisert at dei ønskjer kommunesamanslåing. Førde-ordførar Olve Grotle ønskjer på si side ha med seg også Askvoll og Fjaler i det gode selskapet.

– Eg er positiv til det. Samtidig er det slik som Klakegg seier. Dette må ein sjå på vidare, og så er det lagt opp til at dei ulike kommunestyra skal handsame dette, seier Grotle.

– Viss Jølster seier nei, så vert det ikkje noko av det?

– Eg trur vi skal vente litt og sjå kva som skjer. Vi har ei oppfatning av at dersom andre kommunar skal slutte seg til, må det vere fordi alle kommunane i indre Sunnfjord tykkjer det er greitt, seier Grotle.

Hildegunn Huus, leiar i Jølster Senterparti og partifelle med Oddmund Klakegg, er klar på at det ikkje eksisterer noko intensjonsavtale lenger mellom Jølster, Gaular, Naustdal og Førde, dersom Askvoll og Fjaler blir tekne inn i varmen.

– Det vi har stemt over, gjeld liten SiS, seier Huus.

– Viss Naustdal skulle trekkje seg, eller Gaular, så har de heller ingen avtale?

– Nei, seier Huus.

Det eksisterer ingen avtale lenger mellom SIS-kommunane dersom nye kommunar kjem inn.

Hildegunn Huus

Kjenner seg lurt

Askvoll-ordførar Frida Melvær reagerer sterkt på signala frå Jølster.

– Både eg og dei som har stemt på SiS-alternativet, føler vi er blitt lurt. Eg kjenner på dette som eit sterkt tillitsbrot, i høve den prosessen vi har hatt i forkant, seier Melvær.

Frida Melvær

Askvoll-ordførar Frida Melvær opplever det som eit sterkt tillitbrot dersom SIS-kommunane seier nei til å ta Askvoll inn i varmen.

Foto: Steinar Bauge

Ho peikar på at innbyggjarane deira har fått eit røystealternativ, basert på tilbakemeldingar dei har fått i styringsgruppa, der liten SIS-kommunane har signalisert åtte dører.

– Når dei no lukkar dei etter at vi og dei har hatt røysting, kan eg ikkje karakterisere det som noko anna enn eit tillitsbrot, seier Melvær.

Ordførar i Fjaler, Gunnhild Berge Stang, fortel at ein eigen Hafs-kommune er Fjaler sitt førsteval. Men dersom dette ikkje let seg gjennomføre og Fjaler skulle bli nekta å bli med i SIS, meiner ho fylkesmannen må gripe inn.

– Viss vi kjem i ein situasjon der Fjaler ber om å bli med i ein større kommune, men vert nekta, så meiner eg at det er noko Fylkesmannen bør sjå på, seier Berge Stang.

Gunhild Berge Stang

Fylkesmannen må overprøve SIS-kommunane dersom dei nektar å la andre vere med i ein storkommune i Sunnfjord, meiner Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hildegunn Huus seier situasjonen framleis er så uavklart at det er usikkert om Jølster kjem til å bli med i ein større kommune.

– Det er for så vidt avklart mellom dei fire kommunane i vesle SiS, men det er andre kommunar som står og bankar på, og ein har også kommunar i vesle SiS som ikkje har bestemt seg. Så med det utgangspunktet er vi ikkje slegne saman enno, seier Huus.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast