Hopp til innhold

Han er redd kommunar blir ufrivillig åleine

Folkerøystingane har gitt resultat som gjer at enkelte kommunar ufrivillig kan bli ståande åleine, seier Kåre Træen, som er prosjektleiar hjå Fylkesmannen.

Kåre Træen

FÅR EI UTFORDRING: Prosjektleiar Kåre Træen hjå Fylkesmannen.

Foto: NRK

Han seier det blir ei stor utfordring å få eit heilskapsbilete.

– Sju av ni kommunar har eit fleirtal der folket som vil slå seg saman. I Hyllestad, Askvoll og Fjaler er det litt sprikande, men det er fleirtal for samanslåing. Då vil dei kanskje føle at dei blir ufrivillig åleine. Kva gjer vi då med dei kommunane?

Dette er ei av oppgåvene som Træen og Fylkesmannen no må ta tak i.

– Vi skal tenke på heile regionen og fylket, korleis vi skal få saman det puslespelet totalt sett. Då gir desse resultata oss nokre utfordringar, seier Træen.

– Kva faktorar er det de må tenke på?

– Vi vil sjå på om det er eit felles bu- og arbeidsområde, korleis kommunane samarbeider i dag. Så har vi dei sentrale måla i kommunereformen, og ikkje minst korleis kommunen vil greie seg åleine framover.

– Det låg i korta

Træen meiner det låg i korta at det kunne bli slik med dei svaralternativa folk hadde, særleg i Hyllestad.

– Der var det fire alternativ å røyste på, og då var det lett å sjå føre seg at vi kunne få ei fordeling på desse.

Frank Aarebrot

– UKLARE SVAR: Professor Frank Aarebrot meiner svara i enkelte kommunar var uklare, men ikkje fullt så uklare som ein kunne frykte.

Foto: NRK

– Som ein ropar i skogen får ein svar

Professor Frank Aarebrot var alt før folkerøystingane kritisk til det å gi folk for mange alternativ å røyste på.

– Har du tre-fire alternativ, og ingen av dei får 50 prosent av røystene, har politikarane stilt eit spørsmål til folket som set dei i stand til å avgjere sjølve uten å ta omsyn til folket, sa Aarebrot til NRK.

I dag ser han at det er akkurat det som har skjedd med nokre av kommunane, som Hyllestad og Askvoll.

– For å bruke eit gamalt norsk ordtak: Som du ropar i skogen får du svar. Dei har fått eit uklar svar, men kanskje ikkje fullt så uklart som ein kunne frykte.

Tvilar på anti-Askvoll-bevegelse

Aarebrot trur at Kommunaldepartementet kjem til å syte for at det ikkje blir «merkelege» konstellasjonar med kommunar som ufrivillig blir ståande åleine. I Askvoll er det eit mindretal for å stå åleine, og fleirtalet av dei som vil ha samanslåing vil til indre Sunnfjord.

Eit lite problem der er at folkerøystinga i Jølster ikkje hadde med stor-Sunnfjord som alternativ, og dermed ikkje har teke stilling til ei samanslåing som omfattar Askvoll. Men Aarebrot trur ikkje det bør vere noka hindring.

– Då må vi førestille oss at det er ei sterk anti-Askvoll-bevegelse blant folk i Jølster, og det tvilar eg på at det gjer. Eg trur at vi skal vere varsame med å overfortolke.