Hopp til innhold

Få røysteresultata direkte på nett-TV og radio

Måndag 4. april blir det klart kva innbyggjarane i Sunnfjord, Hyllestad og Solund meiner om kommunesamanslåing. Kven bør kommunen slå seg saman med, eller har den det best åleine? Svara får du i ei ekstra nyheitssending frå klokka 20.

4. april får du vite kva innbyggjarane i ni kommunar i Sogn og Fjordane meiner om kommunereforma.

DIREKTE: Både på nett-TV og radio blir det direktesending måndag når resultata frå dei spanande folkerøystingane og innbyggjarundersøkingane om kommunesamanslåing ligg føre. Programleiarane Stian Sjursen Takle og Gro Ravnestad får besøk av ei rekkje gjestar i studio.

Spørsmålet om kommunesamanslåing har skapt stor interesse og debatt i fylket, og når resultata frå dei første folkerøystingane og innbyggjarundersøkingane blir klare måndag kveld, vil NRK Sogn og Fjordane presentere desse fortløpande.

– Vi sender direkte i nett-TV og på P1 frå klokka 20.03. Vi held fram sendinga til resultata er klare, seier Gro Ravnestad og Stian Sjursen Takle som skal vere programleiarar.

Lesarane vil også få ei rask og fyldig oppdatering på nettsidene. Programleiarane får selskap av Førde-ordførar Olve Grotle frå Høgre og Venstreordførar Gunnhild Berge Stang i Fjaler. Dei skal legge fram resultata frå innbyggjarundersøkinga i dei to kommunane. Gunn Åmdal Mongstad, Senterpartiordførar frå Solund, vil også vere gjest.

Prosjektleiar hjå Fylkesmannen, Kåre Træen, politisk kommentator i Firda Helge Johnsen og Per Arne Tveit kjem også, for å forklare og kommentere etter kvart som resultat blir klare. NRK har også reporterar ute i felt som vil få inn reaksjonar frå innbyggjarar og politikarar.

– Denne saka er veldig viktig for vårt publikum. Og vi vil gje dei sjansen til å følgje ekstra nøye med i desse spanande timane når resultata tikkar inn, seier programleiarane.

Klikk på kartet for å sjå kva røystealternativ dei ulike kommunane har:

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)