Hopp til innhold

Spelte uavgjort mot Os - jaktar forsterkingar

Jotun spelte uavgjort 21–21 mot Os laurdag. No leitar 2. divisjonsklubben med lys og lykte etter forsterkingar, for å gi spelarstallen meir breidde.

Jotun

JAKTAR NYE SPELARAR: Jotun treng fleire spelarar, og sportsleg leiar Torstein Kvam er alt i gang med arbeidet med å finne dei.

Foto: Siren B. Svortevik

– Uavgjort mot Os er eit greitt resultat. Vi skifta på å leie heile kampen. Det var tøft forsvarsspel heile vegen, seier sportsleg leiar i Jotun, Torstein Kvam.

Os og Jotun ligg på delt andreplass på tabellen etter tre spelte kampar, hakk i hel på tabelltopp Stord.

– Det vi gjorde bra i kampen, var at vi tok ut den beste spelaren deira. Ho fekk berre score to mål, medan sist vi møtte dei, scora ho tosifra, seier Kvam.

Kjem til å bli jamt i toppen

Jotun-jentene visste kva dei gjekk til før Os-kampen, og var heiltente før start.

– Dei visste at dei gjekk til ein tøff kamp, men Os er eit lag som står godt til oss, seier Kvam.

Han trur det kjem til å bli ein jamn sesong.

– Det kjem ikkje til å vere mange poeng som skil ein del av laga i toppen i år, trur eg. Det blir nok tre-fire lag som kjem til å liggje og kive i toppen, trur Kvam.

Han er svært godt nøgd med laget, men understrekar at det vert jobba aktivt for å få på plass forsterkingar. Erfaringane frå kvalikspelet der mange av Jotun-spelarane var slitne etter ein lang sesong, sit i.

Sportsleg leiar Torstein Kvam og trenar Olafur Sveinsson

TØFT I TOPPEN: F.v. sportsleg leiar Torstein Kvam trur det berre er få poeng som vil skilje laga i toppen av tabellen denne sesongen. Til høgre trenar Olafur Sveinsson.

Foto: Siren B. Svortevik

– Vi må prøve å få større stall, for det er litt tynt slik det er i dag. Og vi er allereie i gang med den jobben. Vi har mellom anna fått på plass Sølvi Skartun frå Sogndal, som debuterte i går, seier Kvam.

Har spelarar i kikkerten

Dei jobbar no aktivt for å få fleire spelarar med på Jotun.

– Vi har nokre i kikkerten som allereie er i fylket, og som har spelt handball på eit høgt nivå, seier Kvam.

Han understrekar at det er viktig for Jotun å ha lokalt forankra spelarar.

– Vi ønskjer ikkje å komme i ein slik situasjon som vi var for nokre år sidan, der over halve laget kom frå utlandet. Det blir for dårleg klubbkjensle av slikt, seier Kvam.

Har det greitt i 2. divisjon

Neste kamp er Voss heime 10. oktober, og den kampen bør gå årdølene sin veg.

– Voss har rett nok fått ein del forsterkingar etter at dei rykte opp i fjor. Men vi bør ta dei, og det trur eg skal gå bra, seier Kvam.

Den sportslege leiaren er komfortabel med å liggje i toppen av 2. divisjon.

– Jentene vil helst opp att i 1. divisjon, men både eg og trenaren understrekar at vi har eit heilt greitt liv i 2. divisjon. Det er kjekkare å liggje i toppen der, enn i botn på 1, divisjon, seier Kvam.