– Vi er svært fornøgde med starten på sesongen. Vi opna forrykande med meget godt forsvar- og keeperspel i starten av kampen. Vi leiar såpass som 14-6 til pause, seier sportsleg leiar Torstein Kvam.
Etter å ha gått til pause med ei komfortabel leiing, tok trenar Oli Sveinnson sjansen på sleppe til nokre av dei heilt nye og unge spelaraane som akkurat har fylt 16 år i andre omgang.
Jotun hadde sundag med fire debutantar som fekk smake nivået i 2. divisjon.
– Det er klart når vi leiar såpass som vi gjer i dag så må vi prøve ut dei nye spelarane våre, seier Kvam. Hadde vi hatt full trøkk, med toppa lag kampen gjennom, så hadde vi nok vunne med store siffer i dag.
– Klarar det å halde dette nivået og trøkket som det har synt i opninga?
– Ja, det trur eg. Trenaren er flink til å piske på jentene for å halde trykket oppe, og fleire av dei yngre spelarane byrjar også å fungere bra.
I tillegg har Jotun etterkvart også fått ein solid stamme i laget.
– Ja, vi har ein god breidde no. Vi har ein god partneravtale med Syril blant anna slik at vi kan ha spelarar derifrå. Til dømes hadde vi keeper på lån frå dei i dag. Vi er og i samtalar med eit par spelarar frå Sogndal.
– No har vi den breidden vi mangla i fjor. Då blei stallen for tynn til at vi klarde kvaliken. I år trur eg vi skal greie å hevde oss godt.