Storfavoritten vann igjen

Helge Hefsås sprang i mål 20 minutt før nokon andre på Hordnindalsvatnet maraton laurdag.

Hornindalsvatnet maraton

160: Helge Hafsås har no 160 maratonsigrar å slå i bordet med etter helgas Hornindalsvatnet maraton. Her frå løp i Jølster.

Foto: Helge Fuglseth

Helge Hafsås sprang laurdag inn til sin 17 siger i Hornindalsvatnet maraton.

Tung start
Hordnindalsvatnet maraton

VANN:Dorte Foss vann klart maraton i kvinneklassen.

Foto: Helge Fuglseth

- Eg kjente at eg gjekk tungt frå starten. Eg fann ikkje den gode kjensla, seier Hafsås frå Olden IL til fjordingen.no .

Løpet er på 42.195 meter og startar på nordsida av Hornindalsvatnet.

For det fine vêret prega deltakarane. Med høge temperaturar vart det ekstra tungt å springe.

32 personar fullførte likevel heilmaraton og 42 sprang i mål i halvmaraton.

Bjørn Fretland frå Jotun idrettslag vart nummer to i herreklassa med tida 3.07.08 og på tredjeplass kom Rune Endre Jensen frå Hitra FIK med tida 3.10.31.

Glad for endå ein siger

Hornindalsvatnet maraton

HALVMARATON: Nancy Eggen vart vinnar på halvmaraton for kvinner. Her med Helge Hafsås.

Foto: Helge Fuglseth

Også vinnaren var prega av heten, og seier til avisa at han ikkje er nøgd med tida han sprang på.

- Det var varmt, seier han som likevel var glad for å stikke av med sigeren nok ein gong.

Dorte Foss frå Raufoss idrettslag stakk av med sigeren i kvinneklassa med tida3.22.19. Det er fem minutt bak rekorden ho sette i fjor.

Har 160 sigrar

Hafsås har no tilsaman vunne heile 160 maratonløp og 15 ultraløp.

I halvmaraton vann nederlendaren Rolf Ringenaldes med tida 1.20.32.

Og dei bratte bakkane i løpet var krevjande for han.

- Laupet bestod av mange oppoverbakkar, det var slitsamt. Slik er det jo ikkje i Nederland, seier han til avisa.

Nancy Eggen frå Velledalen idrettslag vann kvinneklassa med tida 1.46.07.