NRK Meny
Normal

Jakta spøkjelse på Harastølen

Kort tid inn i undersøkinga på Harastølen, meiner spøkjelsesjegerane i Norwegian Ghost Hunters at dei fekk opptak av uforklarlege fottrinn på Harastølen i Luster.

Norwegian Ghost Hunters vitja Harastølen tysdag 2. oktober. I 3. etasje filma dei fottrinn frå etasjen over.

SJÅ VIDEO: – Fottrinna høyrde vi tydeleg då vi var der, og ein høyrer det også tydeleg om ein ser klippet med øyreklokker, seier Geir Ole Christiansen om dei uforklarlege fottrinna dei fekk i opptak på Harastølen.(Foto: Privat)

I mars i fjor fekk spøkjelsesjegerane ei heftig oppleving på Fredrikstad stadion og forventingane var store då dei i førre veke sette seg i bilen for å undersøke gamle Lyster Sanatorium – Harastølen.

Det 110 år gamle tuberkulosesjukehuset har i lengre tid toppa ynskjelista over Norwegian Ghost Hunters si ynskjeliste.

– Vi har fått mykje tips om staden, og fått tips frå folk som har sett skikkelsar i vindauga. Vi hadde tenkt oss opp i sommar, men no kasta vi oss rundt på rappen og reiste oppover, seier leiar Geir Ole Christiansen.

Høyrde fottrinn

Det var Sogn Avis som måndag fortalde om spøkjelsesjakta som fann stad på Harastølen i førre veke.

Utrusta med rørslesensorar, lydopptakarar og målarar for elektromagnetiske felt, var delegasjonen på seks spøkjelsesjegerar kring sju timar på Harastølen. Christensen fortel at det ikkje vart noko bomtur.

Ghosthunt på Harastølen.

KLAR: Gruppa frå Norwegian Ghost Hunters klar til å entre Harastølen.

Foto: Privat

– Det skjedde eigentleg ikkje så mykje, men vi fanga på video og lyd fottrinn medan vi var i 3. etasje. Gruppa hadde delt seg i to, men då vi kontakta den andre gruppa på walkietalkie var dei i kjellaren, fortel Christiansen.

Usikre på røyst

– I gamle bygningar høyrer ein gjerne ein del merkelege lydar?

– Vi hadde akkurat slått på noko utstyr, men du høyrer tydeleg fottrinn, fortel Christiansen. Skritta høyrde dei kort tid inn i undersøkinga og gjorde gruppa optimistar med tanke på resten av natta.

Ghosthunt på Harastølen.

OPPTAK: Spøkjelsesjegerane filma og gjorde lydopptak frå besøket på Harastølen.

Foto: Privat

– Det var fleire som hadde den kjensla, men det var kanskje mest på grunn av staden. Alt var nytt og ukjent for oss, og då veit ein aldri kva ein kan vente seg, seier Christiansen.

Sogn Avis fortalde også om ei røyst i tannlegerommet som sa «morn».

– Det er vi veldig, veldig usikker på no. Etter å ha høyrt igjennom opptaka, så vart vi meir tvilsame på det, fortel Christiansen.

– Mykje historie

Harastølen står i dag til forfall , og politikarane i Luster har gått inn for å rive bygningen . Bygget ligg i fjellsida, kring 500 meter over havet. Då det opna 2. november i 1902 hadde sanatoriet 96 sengeplassar, eit tal som var auka til 150 i 1950.

Ghosthunt på Harastølen.

FORFALL: Bygget står til forfall, men kva som skjuler seg mellom veggane til det mektige bygget går det mange rykte om.

Foto: Privat

Bygget er brukt til tuberkuloseheim, psykiatrisk sjukehus og sist asylmottak. Sidan tidleg på 1990-talet har bygningen stått tom, men rykta har gått lenge om uforklarlege hendingar. Christiansen ser ikkje vekk ifrå det kan vere aktivitet der.

– Mange har døydd der og det er mykje historie innanfor murveggane, fortel Christiansen.

47 timar opptak

Natta på Harastølen gav dei 14 timar videoopptak og 33 timar lydopptak som dei håpar å ha fått sett og høyrt igjennom om eitt par dagar.

Etter tre-fire år med aktivitet, har gruppa undersøkt kring 50 stadar. Mange av desse har ikkje gjeve noko resultat i det heile.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ghosthunt på Harastølen.

UTSIKT: Frå fjellsida over Lustrafjorden er det ei nydeleg utsikt frå Harastølen.

Foto: Privat

– Vi kom inn med ope sinn, men eg vil seie at Harastølen var ein av dei kulaste plassane vi har vitja til no. Det er ei oppleving å berre vere der. Det er ei spesiell stemning, og staden er skummel uansett om det er noko der eller ikkje, seier han.

– Ikkje noko vondt

Skulle det vere energi, eller spøkjelse, på Harastølen, trur ikkje Christiansen det er tale om noko negativ energi på trass alle dei ulike skjebnane som har vore der.

Ein viktig del av undersøkinga er historia til staden.

– Teorien seier at det ofte er mykje uro der folk har døydd brått og uventa, eller dersom nokon har hatt noko uoppgjort. Vi er fortalt at pasientane fekk god behandling ved Luster, så eg trur ikkje det er noko vondt der, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Harastølen forfell

SJÅ TV-SAK: Harastølen forfell.

Skal opp att

Turen frå hovudstaden til Luster vart raskt organisert etter at dei kom over ein artikkel om at politikarane vil rive bygget. På ein dags varsel fekk dei ordna seg fri frå jobb og sette seg i bilen.

Undersøkinga vart meir omfattande enn planlagt, men Christiansen forvissar at dei har planar om ei langt større undersøking så snart vinteren er over.

– Det er ikkje så mange slike typar bygg att i Norge. Skritta er ein indikasjon på at det er noko der, og vi vil tilbake så fort vêret blir greitt att, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Harastølen

JUBILEUM: I år er det 110 år sidan Lyster Sanatorium vart opna.

Foto: NRK

Då blir den også meir omfattande enn den dei gjennomførde i førre veke. Med langt fleire kamera og meir utstyr.

– Rekorden vår i opptaksmengde er 180 timar frå Fredrikstad stadion. På Harastølen ser eg ikkje vekk ifrå at det kan bli rekord, seier han.

– Gjer det for eiga skuld

I dag utgjer gruppa 15 aktive personar. Dei får ofte førespurnader frå private om å undersøke hus, men tek også sjølv initiativ for å undersøke offentlege bygningar. Ved eitt høve filma dei ein skikkelse som kom inn i ein stall. På Fredrikstad stadion flytta ting på seg og dei høyrde stemmer.

– Kven som helst kan meine kva dei vil, men gjer dette for vår eigen del. Vi tykkjer det er utruleg morosamt å oppleve desse uforklarlege hendingane. Fangar vi noko på opptak, så er det berre bonus, seier Christiansen og fortel dei ikkje er ute etter å bevise at det folk flest kallar spøkjelse finst.

– Korleis skal ein kunne klare det. Å kunne bevise det med vitskapeleg forsking er heilt håplaust, avsluttar han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser