Lyster Sanatorium - Harastølen

Frå Sogn og Fjordane

Gå til: navigering, søk

I fjellsida over Luster ruvar eit digert, gamalt mursteinsbygg. Hadde det vore i Mellom-Europa, kunne ein tru det var eit gamal borg eller eit alpehotell som klora seg fast der oppe. Men dette var ein gong eit av dei største spesialsjukehusa i landet - Lyster Sanatorium.

Lyster Sanatorium vart bygt av St. Jørgen Stiftelse i Bergen. Det skulle tene som tuberkulosesjukehus for Vestlandet. Dei fleste pasientane kom frå Bergens-regionen, men det kom pasientar frå heile landet. Sanatoriet var i drift fram til midten av 1950-talet.

Bakgrunnen for Lyster Sanatorium

Tørt klima, fureskog og helst i tynn fjelluft. Det var resepten ein trudde på i gamle dagar for å kurere folkepesten tuberkulose. På Harastølen fann ein heile «pakken» - den låg på ei høgde og i eit klima som ein på den tida rekna som «immunsona» mot sjukdomen.

Lyster Sanatorium vert bygt

I 1900 var planane for Harastølen klar. Sjukehuset i tre høgder skulle få 96 senger og moderne kur- og operasjonssalar. (Ved ei utviding i 1924 vart kapasiteten auka til 120 senger, og var komen opp i 150 senger i 1950).

Byggeplanen i 1900 omfatta også eige vaskeri, stall og ishus - og ikkje minst ei elektrisk driven taubane frå dampskipskaia ved fjorden og opp på «fjellhylla». Det skulle også byggast ein 6 km lang veg med 13 svingar opp lia.

Kalkylen viste at det store sjukehusanlegget skulle koste 456.000 kroner - ein enorm pengesum i dei dagar. Det meste av pengane vart skaffa til veges i Bergen: Bergen kommune ytte garantiar for 200.000 kroner, og velståande byborgarar for 175.000 kroner. Sluttsummen viste seg å bli 777.000 kroner då anlegget vart innvia den 2. november 1902.

På opningsfesten var det helsingstelegram frå både det svensk-norske kongeparet, stortingspresident Carl Berner og skipsreiar og seinare statsminister Johan Ludwig Mowinckel. Nokre år seinare vart det også bygt overlegebustad, to familiebustader for fyrbøtar og gartnar, og «søsterbustad» for pleiarane. Harastølen fekk også eige kapell med likhus.

Kuring utandørs

Det første behandlingstilbodet - før vaksinen mot sjukdomen kom etter 2. verdskrig - var delvis operasjonar - delvis ulike kurar. Kurane på Harastølen besto m.a. i at pasientane skulle luftast dagleg. Dei skulle «kurast», som denne luftinga vart kalla. Der låg dei sommar som vinter på uttrilla senger, godt innpakka i posar av reinsdyrskinn. Ein svær baldakin langs heile sørveggen heldt regn og snø borte frå lufteplassen. Rundt sjukehuset var det bygt ein stor park med spaservegar der pasientar som var sterke nok til det, kunne mosjonere.

Blåsing av lungene

Oparasjonsteknikken besto mykje i såkalla «blåsing». Når tuberkulosen angreip lungene, åt den nærmast opp vevet - tærte det - slik at det danna seg store holrom i lungevevet. Desse galdt det å tette att, og det vart gjort ved at ein punkterte lungehola slik at den sjuke lunga klappa saman der holromma hadde danna seg, og såra grodde saman.

Dei som har levd nokre år, kan sikkert hugse folk som hadde teke desse operasjonane. Dei var litt skeive i ryggen og nedsigne i skuldra på den sida som dei var lungeopererte. Moderne legar karakteriserer denne operasjonsmetoden som temmeleg effektiv.

Feitt frå eigen grisefjøs

Frisk og tørr luft, gjerne i fureskog skulle gjere godt. Det same skulle god og næringsrik kost vere. Pasientane på Harastølen vart nærmast feita opp på kraftig mat, og sjukehuset hadde eigen grisefjøs der ein syrgde for at grisane fekk eit ekstra tjukt spekklag før dei vart slakta og borne til bords!

Elles var det vanleg at pårørande og andre velgjerarar sende mat og godsaker i rikelege mengder til pasientane på Harastølen. Kvar jul sende ein rikmann i Bergen ei last med appelsiner til pasientar og betjening på Harastølen.

Eit lukka samfunn

Avstanden ned til bygda, smittefaren ved sjukdomen og at dei fleste pasientane var tilreisande, gjorde Harastølen til eit nokså avsondra og lukka samfunn. Sanatoriet hadde til og med eige postopneri.

På Harastølen utvikla det seg difor eit eige sosialt liv. Heile komplekset vart i 1902 bygt slik at kvinner og menn vart strengt avskilde: Det var to sengefløyer, operasjons- og kurrom og eigne matsalar for kvart av kjønna. Denne kjønnsdelinga heldt ein strengt på heilt til ei større ombygging i 1937, leia av mangeårig overlege Trygve Gjessing. (Gjessing var overlege på Lyster Sanatorium i 11 år. Ein annan markant overlege var Fridtjof Lund Johansen som arbeidde ved sanatoriet frå 1946 til han døydde i 1959).


Sjølv om det var streng kjønnsdeling innandørs, så var det lov for jenter og gutar å kome saman på dei romantiske «svermestiane» i parken, likeså i dei utsmykka forsamlingssalane når det vart arrangert festar, kino, konsertar eller teater. Her var det m.a. møblar frå den kjende treskjærarskulen til Magnus Dagestad på Voss, og freskomåleri (1950) av Rolf. W. Syrdahl på veggane.

Mange av tub-pasientane var som nemnt unge menneske, og dei som var friske nok til det, deltok i enkle idrettsaktivitatar og leikar i parken utandørs. Det vart skipa til konsertar, og pasientane sette opp skodespel kvar nyttårsaftan og 17. mai. Etter at skipsreiar Jacob Kjøde og andre rikfolk i Bergen gav Harastølen eit filmframsyningsapparat i 1937, vart det kino ein gong i veka. Pasientbiblioteket innheldt 1.700 bind. Mange av dei sosiale aktivitetane vart organiserte av pasientlaget «Fram» då dette vart skipa i 1940.

Frå kjøkkenet på Lyster Sanatorium.

Frå kjøkkenet på Lyster Sanatorium.

Lyster Sanatorium vert lagt ned

I kampen mot tuberkulosen kom det eit gjennombrot - det skjedde like etter 2. verdskrig. Då kom effektive vaksinar mot sjukdomen, og ein stor del av den norske befolkninga vart vaksinert mot tuberkulose i løpet av få år. Dermed var grunnlaget borte for drifta av Lyster Sanatorium. Men andre tok over bygningane.