Hopp til innhold

Jakob (14) hamna midt i rasdrama: –Eg har fått mange meldingar frå folk som lurer på korleis det går

SLÅTTEN (NRK): Berre timar etter at Jakob Slåtten kosa seg i sommarsola, stod 14-åringen, familien hans og naboane i eit frykteleg rasinferno.

Jakob Slåtten

SKREMMANDE: – Alt var heilt fint. Eg sola meg og gjekk tur med hunden her. Så vart det berre heilt vilt, fortel Jakob Slåtten om den dramatiske tysdagen.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

– Vi høyrde det buldre, men grunna skodda såg vi ikkje kvar. Så såg vi tretoppane legge seg og massane strøyme ut på bøen. Vi kasta oss i bilen og reiste herifrå, fortel Jakob Slåtten.

Med mobiltelefonen sin dokumenterte 14-åringen dramatikken på garden i Jølster. Kor mange hundre tusen som har sett filmen etter at VG først omtala den, er uvisst. Men folk bryr seg.

– Eg har fått mange meldingar frå folk som lurer på korleis det går. Det er litt styr å svare, då mobildekninga er ustabil. Det er uansett fint at folk bryr seg, seier Slåtten.

Stogga 60 meter frå hus

Raset på Slåtten i Jølster

KAOS: Fjellsida under Halvgjerda talar for seg. Det gjer også skadane som rasa påførte garden på Slåtten tysdag. – Alt er kaos. Eg har ikkje peiling på kvar vi skal byrje, seier Marianne Slåtten.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Det var tysdag ettermiddag at sommardagen brått snudde til eit intenst regnskur som skulle gjere langt større skade i Jølster enn dei fleste kunne tru. Nær 200 personar vart evakuerte frå hus og bilar. Ved Årnes på sørsida av Jølstravatnet er ein mann i 50-åra sakna etter at bilen hans vart teken av eit flaumskred.

Berre frå stupbratte Halvgjerda, mellom Moskog og Vassenden, gjekk fem skred. Til alt hell trefte dei ikkje hus.

Men det var nære på. Eit av rasa stoppa kring 60 meter frå huset til besteforeldra hans.

– Raset gjekk rett mot huset deira, men grantre samla seg på bøen og laga ein demning slik at raset skifta retning og i staden knuste vedhuset, fortel Slåtten.

– Berre å komme seg vekk

Marianne og Erlend Slåtten

UTRYGGE: Trebarnsforeldra Marianne og Erlend Slåtten kjenner seg ikkje trygge, i heimen sjølv om huset er klarert av NVE og geologar.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

Torsdag var familien for første gang tilbake på garden etter at dei evakuerte til nokre vener. Skadane som er påført garden talar for seg.

– Det er no vi forstår kva som har skjedd, og kva krefter som har vore i sving, seier mor Marianne Slåtten.

Videoen som sonen filma før dei evakuerte garden, viser tydeleg kor fort fascinasjon over naturkreftene gjekk over til frykt og sjokk.

- Pappa, vi må vekk!

SJÅ VIDEO: Videoen som Jakob Slåtten filma av raset er omtala av mange mediehus i Noreg. – Eg har fått mange meldingar frå folk som lurer på korleis det går. Det er fint at folk bryr seg, seier Jakob Slåtten.

– Eg trur ikkje vi skjønte kva som skjedde med det same. Men då det heldt fram med å buldre og rase, så vart det veldig skummelt. Utan å vite kvar neste ras kom, forstod vi at det var berre å komme seg vekk, fortel mor Marianne Slåtten.

– Alltid trudd at det var trygt

Pappa Erlend Slåtten er oppvaksen på garden, og har alltid trudd at trebarnsfamilien budde på ein trygg plass. Tysdag var eldsteguten i huset på jobb, medan yngstejenta var på besøk.

– Det gjekk fem ras på garden, som vi alltid har trudd var rassiker. Det er heilt ekstremt og skremmande å få dei så nærme, seier han.

– Det var skremmande å kjenne bakken riste og sjå tretoppane legge seg, men utan å vite kva retning raset gjekk, legg han til.

Kjenner seg ikkje trygge

Jakob Slåtten

TILBAKE: Jakob Slåtten tykte det var skremmande å vere tilbake på heimgarden og sjå skadane etter rasa tysdag.

Foto: Linda Olin Reite / NRK

I tillegg til å knuse eit vedhus, har rasa gjort stor skade på både skog og mark på garden. Skulle det kome stein frå fjellet, er det ikkje lenger skog som vil stoppe den frå å treffe hus. I tillegg ligg det lause steinar og tre i rasløpet.

Trebarnsfamilien kjenner seg ikkje trygge, sjølv om både geologar og NVE seier det.

– Kanskje dei har rett i det, men det kjennest ikkje trygt ut. Eg trur ikkje at vi vil kunne slappe av og sove her på lenge. Vi reagerer på kvar lyd og tolkar alt, seier Marianne Slåtten.

Årevis med arbeid

– Vi må ha meir dialog med både kommune, NVE og forsikringsselskap. Vi må vite meir. Eg føler det må vere ein liten buffer mellom huset og eit sva som går heilt til toppen. Eventuelt ein rasvoll, held Erlend Slåtten fram.

Han er budd på årevis med oppryddingsarbeid.

– Men vi veit jo ikkje kvar vi skal byrje, seier han.

– Vi må få ting på avstand. Så får vi sjå, avsluttar Marianne Slåtten.

MANGE RAS: Slåtten var ein av mange stader i Jølster der det gjekk ras tysdag.