Furnes er styreleiar for Ervik Havfiske og har vore i fiskerinæringa i mange år. 62-åringen frå Måløy tente 20 111 980 kroner i 2016. Han trur ikkje han vil trone øvst på inntektstoppen fleire gonger.
– Grunnen er at eg selde min del av eit fiskbåtrederi. Dette er nok noko som berre skjer ein gong i livet, seier Kåre Furnes til NRK.
Rett bak følger Inge Helge Vassbotten med ei inntekt på 19 720 780 kroner i fjoråret. Tungvektaren har tent gode pengar på fiskeoppdrett gjennom Steinvik Fiskefarm i Flora.
Næringslivet på Vestlandet har slite etter oljekrisa, medan fiskeri har gått så det susar.
NB: Vi gjer merksam på at det kan vere feil i listene. Tala er baserte på førebelse skattetal frå Skattedirektoratet for året 2016. Tala kan innehalde feil som vil bli retta når klagehandsaminga er ferdig. Listene og berekningane tek utgangspunkt i skattebetalarar med norsk postadresse.
- Les også:
- Les også: