| | |
Frode Hjellset, som toppar inntektslista i Møre og Romsdal, er ein av dei tidlegare eigarane i Fasadeprodukter A/S. Dette selskapet blei seld til nederlandske Hunter Douglas i 2014. Hjellset sat før salet med 81 prosent av aksjane i Fasadeprodukter, og salssummen den gongen blei omtalt som ukjend. Hjellset er i dag styreleiar i Hd Solskjerming og i FH Holding.
Bernt Lodve Gjendemsjø er både dagleg leiar og styreleiar i fiskebåtreiarlaget Inger Hildur A/S. I august 2016 selde Gjendemsjø ringnotkvote for ein stad mellom 300 og 400 millionar kroner, ifølgje Fiskeribladet. Salet omfatta heile selskapet Inger Hildur AS.
På tredjeplass finn vi Per Magne Grøndahl frå Stranda. Han leier bedrifta Norsk Sjømat AS og Per Grøndal Holding AS. Han har også interesser i eigedom og er blant anna styreleiar i Strandafjellet Holding AS. Norsk Sjømat er store innan oppdrett.
Ottar Vartdal, Ørsta, er også sentral innan fiskeoppdrett. Han leier fleire Aqua Farms Vartdal, Vartdal Fiskeoppdrett AS, Western Seaproducts og fleire andre selskap i same bransje.
På niandeplass på lista aukar også kjendisfaktoren. Her finn vi Ole Gunnar Solskjær, kjend fotballspelar med ei fortid i blant anna Manchester United. No er han manager i Molde Fotballklubb.
Formues-toppen
Formue-lista i Møre og Romsdal blir toppa av Knut Trygve Flakk. Han er leiar i Flakk-gruppen som i stor grad er bygd opp på verksemda kring H-vinduet. Flakk har også engasjert seg sterkt i eigedom og reiseliv.
På andreplass ligg Egil Giørtz, Ålesund. Han er dagleg leiar i grossistselskapet H.I Giørtz og sønner og Norgesgruppen Møre. Han er også aktiv innan eigedom i Møre og Romsdal.
På dei neste plassane kjem så medlemer i Ulstein-familien på rekke og rad. Det er Tore Ulstein, Ingerid Ulstein, Gunvor Ulstein, og Vegard Ulstein. Dette er namn tilknytt Ulstein verft og selskapa kring dette. Like bak kjem også leiarane i Kleven verft i Ulstein.
Wenaas-familien, som er svært store innan eigedom i norsk samanheng, kjem høgt på listene. Det gjer også Haagensen-familien i Ålesund, som er store både innan fiskeindustrien og eigedom.
Listene byggjer på tal frå Skattedirektoratet. Dei kan bli endra etter klagehandsaming. Vi gjer merksame på at listene kan innehalde feil.