Braanaas har bygd opp formuen sin på oppdrettslaks og er eigar av Firda Eiendom, som igjen eig oppdrettsselskapet Firda Seafoord Group.
– Det er fantastisk. Kjekt at arbeidet vi driv med skapar verdi. Fjoråret var eit økonomisk sett godt år, men mesteparten er brukt til nye investeringar, så dei er godt tatt hand om, seier Braanaas.
– Du har ikkje gøymt pengane i madrassen altså?
– Det er dårleg med pengar i madrassane mine, så dei som kjem på besøk for å finne noko, kjem til tomt hus, ler Braanaas.
54-åringen er frå Hamar og oppvaksen i Bergen, men det er med base på Svinøyna i Gulen at Ola Braanaas har fått formuen til å vekse. Ifølgje førebelse skattetal frå Skattedirektoratet har han ein formue på 675 519 309 kroner i 2016. Det er nær 100 millionar meir enn i 2015.
Slaktearvingane Tom Roksvåg og Malin Roksvåg frå Stryn kjem på plassane bak Braanaas på formuestoppen. Begge har over ein milliard i formue og er borna til Geir Egil Roksvåg, som er dagleg leiar og eigar av Nordfjord Kjøtt.
NB: Vi gjer merksam på at det kan vere feil i listene. Tala er baserte på førebelse skattetal frå Skattedirektoratet for året 2016. Tala kan innehalde feil som vil bli retta når klagehandsaminga er ferdig. Listene og berekningane tek utgangspunkt i skattebetalarar med norsk postadresse.
- Les også:
- Les også: