– Ho er litt annleis enn meg, håpar eg. Samtidig er det litt stygt å seie.
Kristine Ryssdalsnes Horvli (21) er blitt glad i karakteren «Gunnhild», som ho speler i NRK-nettserien «Lovleg». No er produksjonsselskapet i gang med å lage sesong 2.
– Ho er kanskje ikkje den helten ein har lyst til å vere, eller kanskje ikkje ein helt i det heile teke. Ho er vel eit gjennomsnittsmenneske som gjer feil ein kanskje ikkje har lyst til å stå for, eller ønskjer å gjere sjølv.
Viser det uperfekte
I den første sesongen blei vi kjende med Gunnhild og dei andre vidaregåande-elevane som lever hybellivet på Sandane. Det handlar om å prøve å passe inn, om angst, forelsking, einsemd, og om å ikkje få ting heilt til.
– Vi set ting litt på spissen, men vi vil vise eit uperfekt menneske med eit uperfekt liv, seier Horvli.
– Det er menneske som går på trynet og viser folk, og spesielt ungdom, at det er greitt å feile og feile igjen. Og at ting går bra fordi om, legg ho til.
Andre sosiale normer
Horvli kjem sjølv frå Sandane, der handlinga i serien går føre seg. Ho trur mange har sakna ein serie som viser livet i distrikta.
– Mange som bur i distrikta vil kjenne seg meir igjen ting som skjer, eller sosiale normer som er på bygda, enn i Oslo – for eksempel.
Abort, panikkangst og det å flytte til ein ny plass og kjenne seg aleine. Serien tek opp fleire vanskelege tema. Akkurat det meiner Horvli er viktig.
– Særleg det at ein fokuserer på ungdom frå distrikta, det å kome til ein ny plass og ein ny skule. Mange flyttar fleire timar heimanfrå i ein alder av 15 år. Det er ikkje gitt at ein nødvendigvis glir rett inn i dei sosiale normene i byrjinga, seier Horvli.
– Når du går på trynet på ein liten plass, vil «alle» få vite om det. Så vi set lys på ting som folk frå distrikta kanskje kjenner seg igjen i.
- Les også: Mange interesserte i «Lovleg-huset»
Speler inn sesong 2
Då manusforfattar Kjersti Wøien Håland i haust fekk høyre tilbakemeldingar frå unge som kjenner seg igjen i serien, gjorde det inntrykk.
– Det betyr alt for meg. Denne ungdomsgenerasjonen er eg verkeleg på lag med. Om serien kan nå nokon og få dei til å kjenne seg mindre åleine, eller berre gi dei eit rom der dei kan le i ein slitsam kvardag så er det alt eg kunne drøymt om, sa ho i eit intervju med NRK.
I november stadfesta P3 at det blir ein ny sesong av serien. Innspelinga av den nye sesongen starta opp før jul, og er i gang igjen over helga etter ein pause i juleferien. Men sjølv om innspelinga er i gang, er det lite Horvli kan røpe frå den nye sesongen.
– Men det kjem til å føregå på Sandane, seier ho.
– Og Gunnhild er med?
– Gunnhild er med, det er ho.