Mange interesserte i «Lovleg-huset»

No kan du kjøpe hybelhuset der hovudpersonane i NRK-serien «Lovleg» budde. Etter at huset vart lagt ut for sal har allereie 1500 vore innom annonsen på nett.

"Lovleg-huset"

STORT: Hybelhuset frå «Lovleg» innspelinga har 17 hyblar.

Foto: Privat

– No står att det å sjå kor mange som er reelt interesserte, men annonsen har fått mykje merksemd på dei fire dagane som er gått sidan eg la den ute, seier huseigar Sigmund Arild Vereide.

Det var avisa Firda som først skreiv om saka.

Når er NRK snakkar med han er han på plass i huset for å gjere det klart til vising. Årsaka til at han no sel hybelhuset han har eigd i 20 år er at han sjølv har flytta til Hardanger.

– Då blir det vanskeleg å drive med utleige, spesielt til ungdommar og elevar. Det er eit stor ansvar og ein må vere tett på og i nærleiken, seier Vereide.

Hybel i "Lovleg-huset"

PÅ HYBEL: Slik såg hyblane til hovudkarakterane i «Lovleg» ut før produksjonsselkapet Rubicon laga si innreiing.

Foto: Privat

Sa først nei

Eit halvt år før sjølve innspeling av TV-serien starta vart Vereide kontakta av ei som tidlegare hadde budd huset med spørsmål om det kunne la seg gjere å leige huset. Dei vart då samde om å halde kontakten.

– Etter kvart kom eg i kontakt med selskapet Rubicon. Eg hadde då tenkt å selje huset og meinte det ville bli for mykje styr og sa i utgangspunktet nei, seier Vereide.

Men produksjonsselskapet gav seg ikkje.

Sigmund Arild Vereide

HUSEIGAR: Sigmund Arild Vereide eig hyblehuset der hovudpersonane i TV-serien «Lovleg» bur.

Foto: Privat

– Etter kvart så fann vi ut at det gjekk an å selje huset med leigekontrakt, seier Vereide.

Det er stort sett første etasje i huset som har vore brukt til filminnspeling. For dei som kjøper huset så føl det med leigeavtale med filmselskapet Rubicon TV, som står bak produksjonen av «Lovleg». Leigeavtalen går fram til 1. juli 2019.

– Avtalen er at selskapet skal føre huset tilbake til slik det var før innspelinga starta, seier Vereide.

Likar sjølv serien

Mange har fått med seg den populære TV-serien, som med utgangspunkt i skulestaden Sandane, handlar om ungdom som flyttar på hybel. Det har også huseigaren.

– Det er ikkje slik at eg har sett absolutt alt, men eg følger med og er imponert over dei flinke unge skodespelarane. Og så er det mykje fin filming ikkje berre frå Sandane, men frå heile kommunen og fylket, seier Vereide.