P3 stadfestar: Det blir ny sesong med Lovleg

Det blir ein ny sesong av ungdomsserien Lovleg som handlar om det å vere elev på ein vidaregåande skule på bygda.

Gunnhild frå sesong ein

LOVLEG: serien handlar om Gunnhild som skal flytte på hybel for å byrje på Firda vidaregåande skule.

Foto: NRK

– Vi har lenge visst at det blir ny sesong, så det er gøy å endeleg kunne stadfeste det, seier prosjektleiar i P3, Melike Leblebicioglu.

Leblebicioglu bekreftar at det er dei same skodespelarane som skal vere med i serien. Kven som skal spele hovudrolla, og kva andre sesong skal handle om vil dei framleis halde hemmeleg.

Serien tek føre seg ungdom som flyttar på hybel for første gang. Den går føre seg på Firda vidaregåande skule på Sandane. Dei har bevisst henta inn unge skodespelarar som har tilhøyrsle til regionen, både på grunn av dialekt og at deira bakgrunn kan vere med på å utvikle serien, seier Leblebicioglu.

Populær serie

Ho fortel at serien har mange sjåarar som er veldig engasjert. Og at sjåartala er stabile. Serien har ikkje berre vore populær i Noreg, men også i Danmark og Sverige har den fått merksemd.

– Det ser vi både i kommentarfeltet og på statistikk me har, seier ho.

Serieskaparane seier dei berre har fått utelukkande positive reaksjonar på at teksting er på nynorsk, og meldingsutvekslingane er skreve på dialekt.

– Om nokon ikkje forstår kva som står der, skriv dei i kommentarfeltet, så forklarar folk til kvarandre kva det tyder, seier Leblebicioglu.

Mange kjenner seg igjen

Dei får også mange reaksjonar på folk som kjenner seg igjen i serien. Både frå dei som er i same aldersgruppe, og eldre.

– Vi får mail frå eldre sjåarar som kjenner seg att i serien, dei hugsar korleis det var å flytte på hybel, seier ho.

Lovleg-redaksjonen har reist rundt i store delar av Sogn og Fjordane for å oppsøke ungdom der dei bur. Det har hjelpt serieskaparane til å skildre røyndommen så godt som mogleg.

Gunnhild finner ut av kva ho skal gjere.

SJÅ SERIEN: Her kan du sjå førebels siste episode av Lovleg.