Hopp til innhold

Leiar i lastebileigarforbundet: «Det er opp til kvar mann å berge seg sjølv»

Etter brannen i Gudvangatunnelen blir det reist spørsmål om tryggleiken til lastebilsjåførar på vestlandske vegar. Fylkesleiar for Norsk Lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, seier ulukka er skremmande.

Tenden

INGEN FORSKRIFTER PÅ BRANN I TUNNEL: Leiaren i Norsk Lastebileigarforbund, Rolf Olav Tenden, har frykta ulukker som dette lenge.

Foto: Harald Kolseth/NRK

– For å vere heilt ærleg har vi ingen forskrifter som handlar om brann i tunnel. Når slike situasjonar oppstår er det dessverre opp til kvar enkelt mann å berge seg sjølv, seier Tenden.

Brannen i Gudvangatunnelen har reist fleire spørsmål om tryggleiken til lastebilsjåførar på vestlandske vegar, der store delar av strekningane går gjennom tunnelar. Til dømes er strekninga mellom Lærdal og Gudvangen, som no er aktuell, på 51,5 km, der 43 er lagt i tunnel.

– Har frykta dette lenge

Leiaren i lastebilforbundet fortel at dei har klare forskrifter som går på korleis sjåføren skal handle dersom det oppstår brann i bil, men ingen på kva sjåførane skal gjere når det byrjar å brenne i tunnel.

– Situasjonar som brannen i Gudvangentunnelen er situasjonar vi har frykta lenge, seier Tenden.

Lastebilsjåfør Terje Nygård fortel at han gjerne skulle hatt betre opplæring i kva han skal gjere når slike situasjonar oppstår. Han seier at han og andre lastebilsjåførar ikkje har fått noko meir opplæring enn andre trafikantar.

(Artikkelen held fram etter biletet)

nygård

FOR DÅRLEG OPPLÆRING: Terje Nygård skulle gjerne hatt betre opplæring i kva han skal gjere dersom det byrjar å brenne i tunnel,

Foto: Harald Kolseth/NRK

– Eg veit eigentleg berre det same som dei fleste andre trafikantar, men vi lastebilsjåførar får jo sjølvsagt ei viss rutine etter å ha vore mykje på vegane. Eg er alltid psykisk og fysisk forbrent på at ei ulukke kan skje når som helst, seier Nygård.

Vil forbetre rutinane

Leiaren i lastebilforbundet fortel at brannen i Gudvangentunnelen har vore ein real tankevekkar for han.

– Har de tatt ansvaret de har på alvor når sjåførane har fått opplæring i slike situasjonar?

– Eg syns forskriftene vi har, som er generelle i denne næringa er gode nok, men eg må innrømme at dette har vore ein vekkar seier Tenden.

Tenden seier at lastebilforbundet skal prøve å utarbeide betre rutinar for korleis sjåførane skal handle når dei oppstår brann i tunnel.

– Det er jo ikkje berre oss dette gjeld, men andre trafikantar, og ikkje minst myndigheitene. Eg trur mange kjem til å tenkje på dette i tida framover, seier Te,den.