Hopp til innhold

Naudsambandet i tunnelen fungerte ikkje

– Naudsambandet fungerte ikkje i Gudvangatunnelen i går, seier brannsjef Arvid Gilje i Aurland.

Arvid Gilje

BRUKTE MOBILTELEFON OG WALKIE TALKIE: Brannsjef Arvid Gilje i Aurland.

Foto: Arne Veum / NRK

I alt 80 personar måtte evakuerast i går, då ein trailer tok fyr inne i tunnelen på E16. Gilje seier bergingsararbeidet var svært krevjande for brannmanskapa.

– Vi måtte bruke mobiltelefon, og så hadde vi eit internt samband mellom brannfolka på walkie-talkie. Det var det einaste som fungerte.

I går skjedde det som lenge har vore brannsjefen i Aurland sitt største mareritt: Brann i ein av dei 35 tunnelane i kommunen. I går tok det fyr i ein semitrailer 3,5 kilometer inne den vel 11 kilometer lange Gudvangatunnelen.

Brann

VANSKELEG REDNINGSARBEID: Mykje røyk og manglande naudsamband gjorde det vanskeleg for brannfolka.

Foto: NRK-tipsar

Prøvde redningskanal

Brannen førde til kraftig røykutvikling, og 80 personar måtte evakuerast, fleire med røykskadar. Eit frå før vanskeleg bergingsarbeid vart endå vanskelegare av at naudsambandet ikkje fungerte i tunnelen.

– Vi prøvde redningskanalen som alle leiarane skal vere på, ein eigen brannkanal, men det gjekk ikkje.

Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde.

- REPARERER STRAKS: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Foto: Heidi Ravnestad

Sjekk tre gonger i året

Nils Magne Slinde, som er avdelingsdirektør i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, seier dei har sjekk av naudsambandet i tunnelane tre gonger i året. Gudvangatunnelen vart sjekka seinast i månadsskiftet juni/juli, og då fungerte sambandet.

– Men det er klart at naudsambandet kan ha blitt øydelagt på grunn av brannen, de var stor røykutvikling og sterk varme. Når brannsjefen seier at det ikkje fungerte, så er nok det tilfelle.

Slinde seier at dei no vil prøve å finne ut kvifor det ikkje fungerte.

– Vi kan forsikre om at vi vurderer alle slike hendingar nøye og reparerer straks. Vi kunne sjølvsagt ynskje oss å ha kontrollørar i tunnelane heile tida, men det er uråd, så vi kontrollerer sambandet tre gonger i året.