Vi møter Aline Lima ein fredeleg ettermiddag i Markens gate i Kristiansand.
For nokre år sidan var ho og kompisane berykta her i handlegata.
– Eg har vore med på mykje sjukt, ja. Ran, vald og tent på hus. Det er mykje som ikkje var bra, seier ho.
Barnevernet hadde ansvaret for Aline Lima gjennom heile ungdommen, frå ho var 11 år gamal – til ho blei 18 år og myndig.
Ho blei med barnevernet frivillig fyrste gong dei henta ho.
Etter kvart tok dei over omsorgsretten og Lima blei tvangsplassert.
Ho seier det var ei tid fylt av usikkerheit, frustrasjon, sinne, vald og depresjon.
På institusjonane møtte ho andre tenåringar på tvangstiltak. Ungdommane fann saman i ein vanskeleg situasjon – og dei lærte av kvarandre.
Etter kvart blei dei kjende som «Barnevernsbanden».
I 2010 sto dei bak over 1000 lovbrot på nokre få månader.
Strengare tiltak
Den siste veka har debatten rasa om strengare tiltak i barnevernet.
Høgre, Framstegspartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vil ha institusjonar med meir tvang og låsing av dørene.
Saman har dei fleirtal på Stortinget og Høgre har tatt til orde for at dei bør køyre over regjeringa.
Framstegspartiet vil i tillegg senke den kriminelle lågalderen til 14 år.
Også politimeisteren i Oslo vil ha moglegheit til å låse barna meir inne.
Politimeister i Oslo, Ida Melbo Øystese om 13-åringane involvert i knivstikkinga på Haugerud, og de andre involvert i granat-episoden på Bislett.
Aline Lima har sjølv sete bak låste dører i barnevernet.
Ho åtvarar sterkt mot meir tvang og innlåsing.
– Det einaste det vil føre til er enda meir kriminalitet. Det er som å sette plaster på eit sår, utan å sjekke korleis såret har oppstått, seier Lima.
Gjennom mesteparten av tida i barnevernet leita ho konstant etter ei moglegheit til å rømme.
– Eg sette fyr på omtrent alle institusjonane eg budde på. Då brannalarmen gjekk, opna låste dører seg – og eg kunne stikke av på ny.
– Kor ville du rømme?
– Kor som helst. Når du held nokon med tvang er det alt ein tenker på. Eg følte at eg måtte sprenge grensene, at det var min einaste utveg.
Lima meiner at å låse inn kriminelle barn er eit forsøk på å gøyme bort problemet – ikkje fikse det.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKBakgrunnen for at ho blei låst inne trur ho var den konstante rømminga, at ho var valdeleg og at mange oppfatta ho som farleg. Sjølv seier ho at ho var einsam og mangla nokon ho kunne stole på.
Barnevernet var involvert i livet til over 40.000 barn i fjor. Til ei kvar tid bur rundt 1000 av desse på institusjon.
Førre veke peika eit ekspertutval på fleire svakheiter i systemet. Tilbodet varierer utifrå kvar du bur i landet. Og det er uklart kva som skal vere formålet med opphald på institusjonane, ifølgje ekspertane.
Utvalet meiner at staten ikkje har god nok kontroll, både når det kjem til kvalitet, kapasitet og utgifter.
Dei konkluderer også med at barnevernet lyttar svært lite til barna, noko dei kallar ei alvorleg svakheit med institusjonsbarnevernet.
Også Arbeidarpartiregjeringa har opna for strengare tiltak.
Justisminister Astri Aas-Hansen har tatt til orde for meir bruk av tvang og kontroll av mobiltelefonar på institusjonane.
Ho har lagt vekt på at tiltak må skje etter prinsippet om «barnets beste».
I dag er det store variasjonar i korleis tilsette i barnevernet forstår og brukar omgrep som «barnets beste», ifølgje ekspertutvalet.
– Politiet må gjere jobben sin
Lima fryktar at kriminaliteten den siste tida kan få politikarar til å ta forhasta avgjerder som vil gå ut over barn som treng hjelp.
– Politiet seier at organiserte kriminelle rekrutterer barn for å utføre angrep og vald. Kan nokre barn vere så farlege at dei må låsast inne?
– Eg tenker at politiet må starte å gjere jobben sin med å arrestere dei vaksne kriminelle som utnyttar barn. Barn under 18 år er offer. Dei er berre eit ledd som blir brukte. Politiet kan gjere ein betre jobb med å ta dei som står bak, seier Lima.
Som tidlegare barnevernsbarn saknar Lima meir fokus på at barn på institusjon treng trygge relasjonar og hjelp.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK– Er det situasjonar der ein person under 18 år er så farleg at du meiner det er rett å låse dei inne?
– Eg meiner det ikkje løyser noko problem. Å låse dei inne vil berre gjere problemet større, seier ho.
Lima har hatt sine problem også etter tida i barnevernet, men dei siste åra har det gått betre. I dag er ho 30 år og jobbar som hudpleiar.
No omtalar ho livet sitt som godt og stabilt.
– Endeleg, seier ho.
Det går betre no. Lima seier at ho har jobba hardt og hatt flaks på vegen mot eit betre liv. – Nokon må snakke om at det er finst håp for desse barna også, seier ho.
Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRKMen ho er eit sjeldan unntak, ifølgje seg sjølv.
– Av dei eg vaks opp med på institusjonane er dei fleste døde, dessverre. Blant dei som er igjen lever dei fleste eit veldig vanskeleg liv. Nokre er i fengsel, medan andre slit så mykje med rus at dei ikkje fungerer i samfunnet, seier ho.
– Kva trur du skal til for å få eit betre barnevern?
– Eit betre barnevern ...
Lima ser ut i lufta og tenker.
– Det treng folk som set av meir tid. Det treng motiverte tilsette som vil hjelpe barn. Barna treng ein fast kontaktperson dei kan forhalde seg til – og dei må få jobbtrening.
I 2018 var Lima ein av hovudpersonane i podkast-dokumentaren «Barnevernsbanden».
Dokumentaren kan du høyre i NRK Radio: