Hopp til innhold

Blir dei ikkje samde om namn i dag, blir kommunenamnet avgjort av departementet

Det er harde frontar i spørsmålet om namnet på den nye storkommunen i Sunnfjord.

Møte med Sanner

OSLO: Ordførarar og varaordførarar frå sunnfjordkommunane vitja i fjor kommunalminister Jan Tore Sanner (H). Om ikkje ordførarane blir samde i dag, avgjer departementet kva den nye sunnfjordkommunen skal heite.

Foto: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

SISTE: Kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal blei ikkje samde på møtet onsdag ettermiddag, og dermed må namnevalet bli avgjort i kommunaldepartementet. Førde og Naustdal røysta for å heite Førde, medan dei to andre vil ha namnet Indre Sunnfjord.

Førde og Naustdal vil at den nye kommunen skal heite Førde. Jølster og Gaular vil derimot at kommunen skal heite Indre Sunnfjord.

– Det blir ein interessant seanse. Det kan leggje gode rammer for ein diskusjon om namn, seier Erlend Herstad (Sp) frå Naustdal.

Kan bli avgjort i Oslo

Anne karin Hamre

HÅPAR: Fylkesmann Anne Karin Hamre håpar kommunane kjem til semje om kommunenamnet i dag.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

Det er for lengst semje om at dei fire sunnfjordkommunane skal slå seg saman, men namnet har det altså vore uråd å semjast om. I intensjonsavtalen var kommunane samde om Sunnfjord. Eit namn Språkrådet rår sterkt frå.

Fylkesmann Anne Karin Hamre deltek på møtet i dag. Ho håpar at dei fire kommunane blir samde. Om ikkje blir namnet avgjort i kommunaldepartementet.

– Dei kan også jobbe utover seinsommaren, men blir ein ikkje samde så tek departementet ei avgjerd på namn, seier ho.

– Må vise sympati

I Førde gjekk politikarane samrøystes inn for Førde, medan fleirtalet var knapt i Naustdal.

Erlend Herstad (Sp)

RAUS: Erlend Herstad i Naustdal Sp oppmodar Førde om å vise sympati ovanfor dei andre sunnfjordkommunane.

Foto: Bård Siem / NRK

Senterpartipolitikar Erlend Herstad frå Naustdal meiner det er viktig at Føde er rause og tek omsyn til haldningar i kommunane rundt.

– Skal det vere slik at Førde alltid får legge premissane fordi dei er størst, så ville det vere greitt. Men det hadde ikkje vore noko lett bodskap å komme med då vi hadde folkerøysting i Jølster og Naustdal, seier Herstad.

– Eg trur at det er viktig at vi set oss ned og prøver å komme til løysingar saman. Så må vi ha litt sympatiar til kvarandre i dette. For det er inga lett sak, seier han.

Truleg inga semje

Jølster-ordførar Oddmund Klakegg (Sp) tvilar på at innbyggjarane i Jølster hadde røysta for kommunesamanslåing om det låg til grunn at kommunen skulle heite Førde.

– Det blir berre spekulasjonar, men hadde namnedebatten kom opp i fjor vår så kunne resultatet sett litt annleis ut, meiner han.

Gruppeleiar Helge Robert Midtbø (Ap) i Førde, kjenner seg forplikta til å gå for Førde.

– Vi har folkehøyringa som grunnlag for vårt vedtak, og det bli liggje til grunn også vidare, seier han.

– Så då kan det sjå mørkt ut med tanke på å få semje?

– Eg vil tru at dersom det blir avrøysting, så vil kommunane røyste slik som dei har gjort i respektive by- eller kommunestyre.