Hopp til innhold

Ikkje fleirtal for skrote Kinn kommune

Trass i ei eventuell folkerøysting som seier nei til å slå saman Vågsøy og Flora, vil nye Kinn likevel bli ein realitet.

Kari Kjønaas Kjos

BORTKASTA: Ei eventuell folkerøysting i Vågsøy vil vere bortkasta. Nye Kinn kommune vil bli ein realitet, seier Kari Kjønaas Kjos (Frp), nestleiar i kommunalkomiteen på Stortinget.

Foto: NRK

Dette fortel sentrale stortingspolitikarar NRK har vore i kontakt med.

– Alle samanslåingsvedtaka som vart fatta av Stortinget før sommarferien i fjor, vart tekne opp igjen i fjor haust og stadfesta. Det er difor ikkje mogleg å få endra vedtaket om å slå saman Vågsøy og Flora, seier Kari Kjønaas Kjos (Frp) som er nestleiar i kommunalkomiteen på Stortinget.

– Så underskriftsaksjonen og ei eventuell folkerøysting vil vere bortkasta?

– Ja, det er endeleg avgjort kva kommunar som skal slåast saman.

I kveld skal det vere folkemøte i Vågsøy om nye Kinn kommune, der steile frontar kjem til å møtast. Engasjementet omkring samanslåinga av Vågsøy og Flora har blitt stadig større siste vekene. Over 1500 vågsøyværingar har skrive under på at dei ønskjer ei folkerøysting om Kinn kommune, og dette blir truleg sentralt på møtet.

Seier det er for seint

Rigmor Aaserud

NEI TIL OMKAMP: Vågsøy kan gjerne halde folkerøysting, men nye Kinn kommune vil likevel bli ein realitet. Det er altfor seint å endre på dette no, seier Rigmor Aaserud (Ap), nestleiar i kommunalkomiteen på Stortinget.

Foto: Anne Mone Nordahl / NRK

Men heller ikkje stortingsrepresentant Rigmor Aaserud (Ap), den andre nestleiaren i kommunalkomiteen, har tru på at innbyggjarane får det som dei vil.

– Kommunestyra i Vågsøy og Flora gjekk begge inn for samanslåing. Stortinget følgde opp og sa ja til nye Kinn kommune. Det er ingen grunn til å noko omkamp her, seier Aaserud.

Innbyggjarane i Vågsøy har heile vorte nekta ei folkerøysting om saka. Kan ikkje vedtaket difor vere gjort på sviktande grunnlag?

– Enkelte kommunar har valt å ha folkerøystingar, andre ikkje. Når ein i Vågsøy har vedteke at det ikkje skal vere noko folkerøysting, så burde kravet om likevel folkerøysting vore teke opp tidlegare. No er det for seint, seier ho.

– Eit av dei verste vedtaka

Karin Andersen

KRITISK: Det er uforståeleg at stortingsfleirtalet vedtok å slå saman to kommunar som ikkje ein gong grensar til kvarandre, seier Karin Andersen (SV), leiar i kommunalkomiteen på Stortinget. Ho innser at det kan bli vanskeleg å få Stortinget til å snu.

Foto: NRK

Då det vart prøvd på omkamp om kommunesamanslåingar i Stortinget i fjor haust, sa også Høgre og KrF nei til å gjere om vedtaka. Det ser difor mørkt ut for dei som kjempar mot nye Kinn.

Karin Andersen (SV) som er leiar i kommunalkomiteen på Stortinget, forstår at folk protesterer mot Kinn.

– Dette er eit av dei verste vedtaka Stortinget nokon gong har gjort. Det er uforståeleg at fleirtalet vedtok å slå saman to kommunar som ikkje ein gong grensar til kvarandre, seier Andersen.

Ho poengterer at SV støttar kravet om folkerøysting. Samtidig innser ho at det vil bli svært utfordrande å få Stortinget til å snu i denne saka.