Hopp til innhold

I noregstoppen etter stort «lærarløft» på 1800-talet

SOGNDAL (NRK): Sogn og Fjordane er blant dei beste i landet på skuleprøvar – sjølv om utdanningsnivået er lågt. Nytt historieverk gir nye svar på dette paradokset i vest.

Kristin Selmer, lærar ved Kvåle skule i Sogndal

FÅR RESPEKT: Kristin Selmer ved Kvåle skule i Sogndal er ein av mange lærarar i Sogn og Fjordane som fører elevane sine til gode skuleresultatet. – Me har respekt for henne, seier elevane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Korleis kan den gylne regelen sjåast i samanheng med menneskerettane, spør kontaktlærar Kristin Selmer. Armane sprett i vêret i klasse 9c ved Kvåle skule i Sogndal.

Selmer er éin av mange lærarar i Sogn og Fjordane som fører elevane sine til gode skuleresultatet, mot mange odds.

Iver Skorve, 9c, Kvåle skule, Sogndal

GOD ARBEIDSRO: – Me er aktive i timen og arbeider på mange ulike måtar, både i grupper og ein-og-ein, og så er læraren flinke til å hjelpa oss, seier Iver Skorve (13) ved Kvåle skule.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylket i vest er i noregstoppen på nasjonale skuleprøvar. Det overraskar. For utdanningsnivået lågare er enn landssnittet, noko som skulle tilseia svakare prestasjonar.

Men for 150 år sidan starta ei omfattande satsing på skulen, kjem det fram i eit nytt historieverk om Sogn og Fjordane. Det kan forklara det forskarane kallar «Sogn og Fjordane-paradokset».

Nye skular og stort «lærarløft»

– På slutten av 1800-talet var det ein stor vilje i Sogn og Fjordane til å satsa på skulen. Det overraska meg når me ser kva økonomiske realitetar dei stakkars kommunepolitikarane den gongen måtte forholda seg til, seier Oddmund Hoel, ein av forfattarane bak «Soga om Sogn og Fjordane».

Oddmund Hoel, Høgskulen på Vestlandet og forfattar av fylkessoga for Sogn og Fjordane

NYTT HISTORIEVERK: – Ingen andre fylke rekrutterte så mange lærarar som Sogn og Fjordane i perioden 1875-1945, seier historikar Oddmund Hoel ved Høgskulen på Vestlandet, ein av forfattarane av «Soga om Sogn og Fjordane», som blir lansert i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Medan kommunane i Sogn og Fjordane brukte desidert minst pengar på fattigstell i landet, prioriterte dei ein stor del av kommunebudsjetta sine på skule.

I tillegg skjedde ein stor snuoperasjon i klasserommet: Frå å ha langt færre lærarar med lærarutdanning enn resten av landet i 1860, låg fylket berre 30 år seinare låg over landssnittet.

– Staten ville styrkja skulane i landet: Det skulle byggjast skulehus. Det gjekk fort i Sogn og Fjordane. Og lærarane skulle få lærarutdanning. Det gjekk svært fort i Sogn og Fjordane, fortel Hoel.

Sogn og Fjordane-paradokset

Dei siste åra har mange forskarar prøvd å finna svar på kvifor elevar i Sogn og Fjordane overpresterer i klasse med Oslo og Akershus.

Forskinga har vist at elevane har fordelar av å bruka nynorsk, foreldra støttar og oppmuntrar skulegangen til borna, og jentene er meir sjølvtrygge og gjer det difor godt.

Elevar frå Sogn og Fjordane er i Norgestoppen på nasjonale prøvar. Det har lenge forundra forskarane. Men no kan mysteriet vere løyst.

LØYSING PÅ SOGN OG FJORDANE-MYSTERIET: Fjernsynsreportasje frå 6. mars 2015

Men vestlandsoppskrifta inneheld ein komponent til, nemleg respekten for læraren. Høg status i bygda har røter langt tilbake i tid.

Respekt for læraren

– Lærarane gjekk frå å ha låg status tidleg på 1800-talet til å bli bygdehovdingar. Dei blei ordførarar, kommunestyrerepresentantar og leiarar i skulestyret. Me fann lærarane også i mange andre roller, som formann i ungdomslag og andre frivillige organisasjonar, men òg involvert i ulike typar forretningsdrift, fortel Hoel.

Tilbake i klasserommet ved Kvåle skule greier Kristin Selmer å få elevane i 9c med seg. Iver Skorve seier klassen har respekt for kontaktlæraren sin.

– Viss nokon snakkar i timen utan å ha bede om ordet, blir det fort stilt når ho er her, fortel 13-åringen.

Kjetil Sønnesyn, rektor ved Kvåle skule i Sogndal

HARDT, LANGVARIG ARBEID: – Kommunane i indre Sogn har i årevis prioritert skulen. Det saman med dyktige lærarar og lærevillige elevar gir i sum gode resultat, seier rektor Kjetil Sønnesyn.

Foto: Noralv Pedersen / NRK