Utdanningsnivået og lønsnivået til foreldra i fylket skulle ikkje tilseie så gode resultat.
Dette mysteriet har forskingsleiar Gøran Söderlund, fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, og kollegaane hans i 12 forskingsgrupper undersøkt i to år. I fleire prosjekt har dei gjort samanlikningar med Nord-Trøndelag, Oppland og Aust-Agder, for å finne ut kvifor Sogn og Fjordane overpresterer. Utdanningsnytt skriv til dømes at den årlege rangeringa frå Kommunal Rapport syner at 14 av dei 30 beste skulekommunane ligg i Sogn og Fjordane.
Her er nokre av faktorane forskarane trur kan forklare gåta, og elevar ved Luster ungdomsskule sine tankar.
Respekt
- Elevane i Sogn og Fjordane har meir respekt for læraren enn i andre fylke.
– Elevane har høg respekt for læraren, men det er forskjellig for kvar lærar. Elevane oppfører seg bra, og gjer det dei får beskjed om, seier 8.-klassing Gaute Sleppen Josvanger til NRK.
– Me har ein bra struktur på å helse når dei kjem inn i timen og ta vare på kvarandre. Kanskje er slike grunnleggande ritual framleis viktige for ei god ramme rundt undervisninga og den faglege utviklinga, spør rektor Odd Bukve.
Nynorsk
- Nynorskelevar skårar betre enn bokmålselevar, og det slår positivt ut i eit nynorskfylke som Sogn og Fjordane.
Innstilling
- Elevar i Sogn og Fjordane er meir positivt innstilte til den nasjonale prøven og tenkjer i større grad enn i andre fylke at «dette skal gå bra». Ei slik haldning slår positivt ut på resultatet, viser forsking. Dette gjeld spesielt for jenter og i faget matematikk.
– Eg prøver å gjere så godt eg kan, og øver på det eg trur eg ikkje er så god på, seier 8.-klassing Hedda Njøs.
– Eg øver på det eg treng å øve på. Eg satsar på det går bra uansett, og det har gått veldig bra, seier klassevenninne Renate Halveg.
Foreldra
- Foreldra i Sogn og Fjordane er meir engasjerte og interesserte i ungane sitt skulearbeid enn foreldre i andre fylke.
– Dei hjelper meg så mykje dei kan, men det er ikkje alt dei kan. Då hjelper søstera meg. Det er veldig bra, seier Halveg.
– Foreldra mine hjelper meg med det eg spør dei om. Om dei ikkje kan det, spør eg søstera mi i 8b, seier Sleppen Josvanger.
Læraren
- Læraren er tettare på elevane i Sogn og Fjordane enn i andre fylke.
– Det er mange små skular, og då får lærarane mykje meir tid til ein og ein elev. Eg er ikkje redd for å seie noko til læraren. Eg stolar på læraren, seier Halveg
– Me satsar på kompetanse og vidareutdanning for å heve nivået. Å ha ein høgskule så nær er også svært viktig for kurs og etterutdanning av lærarar, seier rektor Bukve.
Søderlund og kollegaane skal presentere resultata frå forskinga på ein stor konferanse i Oslo 12. og 13. mars.